Spennande, variert og utfordrande leiarstilling i Ål kommune
Ål kommune Skattebøl barnehage
Branesvegen 2,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagestyrar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.
Skattebøl barnehage blir frå hausten -25 ein fem-avdelings barnehage i Granhagen/Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Barnehagen skal nytte både lokale og uteområde ved Skattebøl barnehage og Skattebøl skule.
I Skattebøl barnehage set vi «den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. Barnehagen skal frå hausten -25 etablere ei avdeling som ute/friluftsbarnehage.
Arbeidsoppgåver- Overordna ansvar for drift av barnehagen.
- Personal-, fag- og økonomiansvar.
- Vidareutvikle barnehagen.
- Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet.
- Styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen.
- Sikre godt samarbeid med føresette.
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
- Leiarerfaring.
- Digital kompetanse.
- Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning-
- Gjerne vidareutdanning/erfaring innan friluftsliv.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som:
- Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
- Er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt.
- Er oppdatert innanfor barnehagefeltet.
- Er resultat- og løysingsorientert.
- Har god økonomisk forståing.
- Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid.
- Er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats.
- Er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver.
- Har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar.
- Er oppteken av og interessert i fysisk og psykisk helse gjennom arbeid i og med naturen.
- Har god formidlingsevne muntleg og skriftleg.
- Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr- Ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb.
- Eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling.
- Fokus på natur, friluftsliv og kultur.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
- Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
- Eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
- Leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde.
- Moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling.
- Gode lønsvilkår og pensjonsordning.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4d38b7d9-b7df-4a9f-9574-6592c9d34d9e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3512787_227559_nn