Sjukepleiar 100% - Knarvik sjukeheim avdeling 3
Alver kommune
Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% - Knarvik sjukeheim avdeling 3
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss får du ei variert og meiningsfull arbeidshverdag, der du spelar ei sentral rolle i å sikre fagleg forsvarleg sjukepleie. Du vil jobbe tett saman med dyktige kollegaer, pårørande og ulike kommunale tenester for å gi pasientane best mogleg hjelp og oppfølging.
Rettleiing av studentar og lærlingar er også ein viktig del av arbeidet, og vi ser etter deg som er engasjert, trygg i rolla og ønskjer å bidra til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Knarvik sjukeheim avdeling 3
Avdeling 3 er ein korttidsavdeling som har pasienter med samansette utfordringar og forskjellige aldersgrupper. Vi har 12 pasientrom og ligg lokalisert sentralt i Knarvik. Hos oss får vi inn pasienter som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad eller få meir hjelp i kvardagen. På avdeling 3 arbeider vi derfor tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitjenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning.
Avdelingen har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort og er fleksibel. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøgde.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Tverrfagleg samarbeid
- Veiledning av studentar, lærlingar og kollegaer
- Samarbeid med pårørande og på tvers av tenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
- Være aktiv pådriver for at pasientane får brukt sine eigne ressurser
Kompetansekrav
- Norsk autorisajon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 test
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med pasienter med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i ein travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vere tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team.
Personleg eigenskapar vil bli lagt stor vekt på - det er viktig at du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod.
Vi tilbyr
- Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
- Årsturnus
- Godt arbeidsmiljø
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg kr. 10 000,- over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Hildegunn Hopland Hansen
Avdelingsleiar Knarvik sjukeheim avd 3
+4740910883
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Såta Bu og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 187 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4d3460de-64fc-4bda-b30a-779e98e0e92d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256935