Vil du jobbe med miljøindikatorer?
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim, Grensesvingen 7, 0661 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fast stilling til arbeid med indikatorar, EEA og miljøstatistikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Om stillinga
Vi ønskjer oss ein engasjert kollega som skal koordinere arbeidet med nasjonale og internasjonale miljøindikatorar. Miljøindikatorar bidreg med kunnskap om vi når klima- og miljømåla og kan følgje utviklinga over tid.
Seksjon for miljøovervaking og miljødata arbeider mellom anna med å innhente kunnskap om tilstanden i miljøet gjennom miljøovervakingsprogram og systematisere denne kunnskapen i fagsystem. Seksjonen har ansvar for fagsystemet for økologisk tilstand og Naturindeks, desse er viktige verktøy i forvaltninga mellom anna for å vurdere om Noreg når dei nasjonale miljømåla sine. Dei er også eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med naturrekneskap (tilstandsrekneskap).
Vi koordinerer også arbeidet med miljøstatistikk og samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB). Seksjonen er nasjonalt knutepunkt for arbeidet mot European Environment Agency (EEA) og dei faglege nettverka deira Eionet. I tillegg koordinerer seksjonen Miljødirektoratets forskingsarbeid, nettstaden Miljøstatus.no og anna miljødatarbeid.
Seksjonen har i dag 19 medarbeidarar med arbeidsstad både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Du kan sjølv velje om du vil ha kontorstad i Oslo eller Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- Koordinering av Miljødirektoratets arbeid med indikatorar
- Koordinering av Miljødirektoratets arbeid mot EEA
- Koordinering av miljøstatistikkarbeidet
Det er også aktuelt med oppgåver innan miljøovervaking.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- du har mastergrad i biologi eller tilsvarande
- du har god kunnskap om naturmangfald og økosystem i Noreg
- du har god forvaltningsforståing, og gjerne relevant erfaring frå offentleg forvaltning
- du har svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne, på norsk og engelsk
- det er ønskjeleg at du har relevant erfaring, men nyutdanna kan også søkje
- det vil telje positivt om du har erfaring med internasjonalt arbeid med indikatorar eller miljøovervaking
- du har gode relasjonelle eigenskapar, og samarbeider godt på tvers av ulike fagområde
- du er strukturert og har god gjennomføringsevne
- du evnar å prioritere, og tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- du har god rolleforståing og evne til å setje oppgåvene inn i ein heilskap
- du har evne til å utvikle eigne ferdigheiter, og liker å dele kunnskap med andre
Vi tilbyr
- ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar, med lønn frå kr. 560 000 til kr. 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjar kan vurderast noko høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde faglege utfordringar, med moglegheit for individuell utvikling i eit godt arbeidsmiljø
- moglegheit for avtale om heimekontor inntil to dagar pr veke
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert ein time trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Anne Sundbye på e-post anne.sundbye@miljodir.no eller mobil 95 83 59 58 etter 11. august, eller seniorrådgivar Gunn Lise Haugestøl på e-post gunn.lise.haugestol@miljodir.no eller mobil 45 40 45 20 etter 28. juli
Send gjerne SMS og oppgi referanse 63-2025 VMM, så ringjer vi deg opp igjen.Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.
For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ce06819-70c5-48a4-a323-ec82b22f9d78
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256548