Ergoterapeut fast stilling
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Ergoterapeut fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ledig fast 70 % stilling som ergoterapeut frå snarast, og søkjer ein ergoterapeut med engasjement for faget og som evner å samarbeide på tvers av faggrupper for å bidra til best mogleg oppfølging av brukarane.
Eit av kommunen sine mål er at eldre kan bo lengst mogleg i eigen heim med god livskvalitet, det er derfor ønskjeleg at du har interesse eller erfaring med kvardagsrehhabilitering eller ergoterapi til eldre. Arbeidsoppgåvene vil være varierte med fokus på både forebygging og oppfølging ved funksjonstap, og din kunnskap og erfaringer kan vere med å bidra til stadig forbedringer i tenestene våre.
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Giske kommune har kontor på Giske omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. Vi er for tida 3,5 årsverk for fysioterapeutar og 1,7 årsverk for ergoterapeutar. Hjelpemiddellageret og velferdsteknologi er også organisert i Fysio- og ergoterapiavdelinga.
I tillegg til formell kompetanse, blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ergoterapifagleg kartlegging, oppfølging og veiledning for eldre i team
- Vurdering og tilrettelegging av bustad
- Rettleie og søkje hjelpemidlar
- Tverrfaglig samarbeid i team og med andre yrkesgrupper
Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ergoterapeut
- Relevant yrkeserfaring
- God digital kompetanse
- Gode norskkunskaper både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Er engasjert og løysingsorientert
- Trives med å jobbe sjølvstendig og i team
- Har evne til å arbeide strukturert og målretta for å oppnå gode resultat
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er fleksibel
- Er fagleg oppdatert og utviklingsorientert
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer med god kompetanse og erfaring
- Godt tverrfagleg samarbeid i ei utviklingsorientert kommune
- Moglegheite til å påvirke din egen arbeidshverdag
- Moglegheite til å utvikle ergoterapitilbudet i Giske kommune
- Fleksitidordning
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderhaugstranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5035326057
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2025
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ccb403d-0400-4f53-aed5-5494602b26d7
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8bc074ef5e27434f9f5c3b7140be4935
Lignende annonser
Helsefagarbeidar i uteteam psykisk helse og rustenesta og Løkevegen bufellesskap
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Avdelingsleiar ved barneavlastninga i eining Meistring og psykisk helse
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Arbeidsgiver
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt
Sted
Skodje
Arbeidsgiver
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Sted
Ørskog