Barne- og ungdomsarbeidar ved Giske barnehage
Giske kommune, Giske barnehage
Bedehusvegen 5, 6052 Giske, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar ved Giske barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
Giske barnehage har ledig fast 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.2025.
Barnehagen har fire avdelingar med omlag 60 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.
Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.
Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknade arbeid.
- Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til å møte barnet der det er.
- Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsviklje og til å ha barn sitt beste i fokus.
- Gode samarbeidsevner med barn og vaksne.
Vi tilbyr
- Utfordrande, varierte og sjølvstendige oppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø.
- Fokus på tverrfagleg samarbeid.
- Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, +47 91313027Arbeidsstad
Bedehusvegen 56052 GISKE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4980914216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Elias Martinus Valderhaug
einingsleiar
+47 91313027
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted