LIS1 vikarar sommaren 2025
Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS1 vikarar sommar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. januar
Vi har behov for supplering med LIS1 vikarar i ferieperioden 23.06.2025 - 24.08.2025. Skriv konkret kva periode det er ønskjeleg å jobbe.
Studentar med lisens kan søkje, i tillegg til medisinske kandidatar som er klare for LIS1-teneste.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Vere legestudent med lisens eller utdanna lege klar for LIS1-teneste
- Må ha hatt praksis i norske sjukehus og ha erfaring med journalsystemet DIPS
- Søkjarar som har hatt student- eller legepraksis i Helse Førde, medisinsk avdeling, vert føretrekte
- Det er ein fordel med kjennskap til elektronisk kurve, MEONA
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Meistre norsk språk godt både munnleg og skriftleg
- Tole tidvis høgt tempo
Vi tilbyr
- Utviklande og godt arbeidsmiljø
- Tett oppfølging med LIS2 tilstades kontinuerleg
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, 578 39 317Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4891258416
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Hildur Thingnes
Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS
578 39 317
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803347
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f97581b61bc2463c95d74fe1678af46c