Vi søkjer sjukepleiarar!
Rehabiliteringspost Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
28. juli 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Rehabiliteringsposten ved Stord sjukehus, Avdeling for rehabilitering, har ledig to sjukepleiarstillingar.
Vi gir spesialiserte rehabiliteringstenester til innbyggjarane i dei 16 kommunane som høyrer til Helse Fonna Helseføretak. Rehabiliteringsposten tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering. Sjukepleiaren jobbar i eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut, legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, logoped, nevropsykolog og sosionom.
Sjukepleiarstillinga har todelt vaktplan med dag- og aftenvakter og arbeid kvar tredje helg.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Det er kort reiseveg til større byar som Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rehabiliteringsposten er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Velkommen til å søke på stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleiefagleg oppfølging av rehabiliteringspasientane
- Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Sjukepleiar er koordinator i tverrfagleg team rundt enkeltpasientar (jamfør Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 22)
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Kommunikasjon er viktig i rehabilitering. Søkjar må kunne norsk språk godt, både munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha bestått norsk språktest på B2 nivå.
- Fordel med vidareutdanning i nevrosjukepleie eller rehabiliteringssjukepleie
- Fordel med erfaring innan rehabilitering, og/eller arbeid med hjerneslagpasientar
- Fordel med sjukehuserfaring/ erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- er både sølvstendig og arbeider godt i tverrfagleg team
- har god klinisk vurderingsevne
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.noKjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4984972807
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 28.07.2025
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4c44827d-5d2d-465c-9f09-9aae5be4a89a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63840ca8dce9419082ea770e3f445f1a