Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Sogndal kommune Nybø barnehage
6863 Leikanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barnehagelærarar, som er relasjonssterke og inkluderande til ein velfungerande barnehage.
Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.
Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Me har ledig følgjande stillingar:
- Pedagogisk leiar 100% vikariat 01.08.2025-31.07.2026.Barnehagelærar vikariat 100% frå 01.06.2025-31.07.2025. Frå august vert stillinga 50% 01.08.2025-31.07.2026.
Arbeidsoppgåver:
- sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar
Kvalifikasjonar:
- godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing
- gjerne erfaring frå barnehage
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
- positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
- likar å arbeida i lag med andre
- taklar høgt tempo i kvardagen
- godt humør
Me tilbyr
- ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
- engasjerte og støttande kollegaer
- leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
- rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
Politiattest krevst for stillinga
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2914634
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3490031_211083_nn