Vikariat LIS 2/3 pediatri
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Stavanger HF
Leif Larsens gt. 14, 4021 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- LIS-vikariat pediatri
- Oppstart
- 23. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger har frå februar -26 ledig eit eittårig LIS 2/3-vikariat.
Kven er vi?Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har ein utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er også god moglegheit til å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med, både LIS og overlegar.
I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske.
Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Alle legane deltar i å ha interundervisning etter tur.
Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet.
Praktiske forhold:
Pga. permisjon er det ledig eit vikariat på 12 mndr som LIS 2/3, med ordinær vaktdeltaking. Det vil vera moglegheit for forlenging.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter, før ein har sjølvstendig vakt.
- LIS roterer 5 mndr om gangen mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Ein lærer barselundersøking av nyfødde, mottak av akutt sjuke born og diagnostikk, utgreiing og behandling av mange typar problemstillingar gjennom visittgang på sengepost. Ein får arbeida både sjølvstendig og i team.
- LIS går i primærvakt ved avdelinga. Vaktsjiktet er p.t. 12-delt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1-teneste er nødvendig.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
- Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
Personlege eigenskapar
- Du er interessert i pediatrifaget og likar å læra nye ting.
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og du jobbar strukturert og effektivt.
- Du tar initiativ og bidrar til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt.
- Du likar å jobba sjølvstendig, men trivst med å samarbeida med andre.
- Du kommuniserer godt med både kolleger, pasientar og pårørande.
- Du er blid og hyggeleg, og du likar utfordringar!
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
- Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ann Marit Gilje, Avdelingsoverlege, +47 90189384Arbeidssted
Leif Larsens gt. 144021 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Stavanger HFReferansenr.: 5048046317
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.02.2026
Sluttdato: 22.02.2027
Søknadsfrist: 10.12.2025
Om bedriften
Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, har ansvar for spesialisthelsetjenesten i Sør-Rogaland. Med nærmere 8000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, pasientopplæring og forskning er våre hovedoppgaver. Les mer på www.helse-stavanger.no.
Helse Stavanger HF skal så langt som mulig gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidere uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetjenesten.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4c34f803-b1a5-46e2-aaec-a771403518cb
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47223275e4db465bb17362c502a06a53
Lignende annonser
Lege / LIS
Arbeidsgiver
Barne og Ungdompsykiatrisk avdeling, BUP Sandnes Holbergs gate, Helse Stavanger HF
Sted
Sandnes
Overlege med spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri eller voksenpsykiatri
Arbeidsgiver
Barne og Ungdompsykiatrisk avdeling, Akutt ambulant ungdomsteam, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Klinikk PH barn, unge og rusavhengige, Gauselskogen, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger
Bonusavtale ved Barne- og Ungdomsavdeling D3 for sykepleierstudenter
Arbeidsgiver
Barne- og ungdomspost 1, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger