Rådgjevar i Årdal Utvikling
Årdal Utvikling Sti
Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal
Om jobben
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Bedriftsrådgiver
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. desember
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg.
Arbeidsoppgaver
Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
KVA ME SER ETTERMe søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
· Gründerskap/førstelinjeteneste. Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.
· Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Me har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.
· Omdømebygging. Du er gjerne god på kommunikasjon. Me skal profilere det gode arbeidet me gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.
· Prosjektarbeid. Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.
· Berekraft/ omstilling. Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas samfunnsutvikling i Årdal og i regionen.
Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling.
Vi tilbyr
-
Du får arbeide med interessante, spennande og allsidige oppgåver.
-
Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.
-
Me har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.
-
Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal -- midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Årdal Utvikling er organistert som ei stifting og er Årdal kommune sitt verktøy for gjennomføring av strategisk næringsplan.
Gjennom dette arbeidet bidreg ein til berekraftig næringsutvikling med fokus på å legga tilhøva til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmoglegheiter, nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4c1bb662-9a3d-4722-9d12-6a56669b44f1
- Sist endret
20. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4c1bb662-9a3d-4722-9d12-6a56669b44f1