Sjukepleiar 100% fast stilling, Heimetenester Ølve
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Ølvesvegen 485, 5637 Ølve
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. juni
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester Ølve er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.Vi lyser no ut ein 100 % fast stilling som sjukepleiar.
Stillinga har langvakter, som gir fleire samanhengande fridagar og god fleksibilitet i kvardagen. Det er ikkje nattarbeid, og stillinga inneber totalt 11 helger i året.
Hos oss får du:
- Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
- Variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
- Moglegheit for langvakter for deg som ønskjer de
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
- Heilskapleg omsorg og pleie.
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
- Dokumentasjon av tenesta vi yt.
- Legemiddelhandtering.
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
- Stell og tilsyn både i institusjon og i heimesjukepleia
- Faste tilsyn hjå heimebuande brukarar
- Medverka ved utrykkingar og handtering av alarmar, inkludert tryggleiksalarmar
Kvalifikasjonar:
- Er trygg og sjølvstendig i faget.
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
- Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
- God IT kunnskap.
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån
Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.
Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4bf7cb0f-ee14-4872-91d1-bcc23e129067
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3637121_225981_nn