Hopp til innhold

Spennande stilling som miljøterapeut i ungdomsfengsel 

Arbeidsgiver

Agder fengsel

Sted

Sanitetsstien 7, 4735 Evje

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeutar i turnus - basisbemanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. januar

Om stillinga

Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomsenhet sørvest) er blitt Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige med plass inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga har tre soner med høg sikkerheit, der det er muleg å differensiere sikkerheita og tilbudet til ungdomane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet me skal gje, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar, og retningslinjene gjeve etter straffegjennomføringslovens §10a.

Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje. 

Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar. 

På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både miljøterapeutane og fengselsutdanna personell inngår i vaktlag, med krav til godkjent modular i fysisk maktanvendelse (FM) og jamnleg trening. 

Me har i dag over 50 personar i fast stilling med turnus og har i denne runden behov for å tilsette ytterlegare miljøterapeutar. Alle stillingane er faste med ordinære 3-skifts turnusar med arbeid kvar 3. helg.

Personell med bachelorkompetanse blir tilsett i kode 1201 miljøterapeut.

For personell utan bachelorkompetanse, kan stillingskode 0808 miljøterapeut nyttast. 

Bestått opplæring i fysisk maktanvendelse (FM) er ein føresetnad for arbeid i alle våre avdelingar. Til denne stillinga er det også krav om bestått fysisk funksjonstest. Dato for test vert avtalt etter at søknadsfristen er gått ut. Testen kan du lese meir om her. 

Søknadsfrist er 03.01.27

Arbeidsoppgåver

  • planlegging, leiing og evaluering av endringsarbeid
  • miljøterapeutisk arbeid med tanke på god og trygg straffegjennomføring
  • kontaktbetjentarbeid - og førebuing av den innsatte på lauslating eller overføring til vaksenfengsel
  • tett fagleg samarbeid med kollegaer i og utanfor kriminalomsorga i planlegginga av soning og progresjon
  • konfliktdempande kommunikasjon, grensesetting, skape trygge og gode rammer for den innsette

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Stillingskode 1201Du må ha
  • sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
    universitet på bachelornivå
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god språkleg forståing
  • førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid - gjerne frå barnevernsintitusjon eller liknande (til dømes kommunale bu-tilbud, heildøgns sjukehusavdeling mv)
  • erfaring frå vegleiing av klientar / brukarar og kollegaer
Stillingskode 0808Du må ha
  • bestått 3-årig videregående skule
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god språkleg forståing
  • førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
  • relevant erfaring frå miljøterapeutisk arbeid - gjerne frå barnevernsintitusjon eller liknande (til dømes kommunale bu-tilbud, heildøgns sjukehusavdeling mv)

  • Personlege eigenskapar

    • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
    • har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
    • er mål- og resultatorientert
    • har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
    • er robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ro, ei fagleg tilnærming med fokus på konfliktdemping
    • har evne til å motta opplæring og å dele kompetanse
    • er fysisk i god form, og i stand til å bidra i vaktlag etter behov
    • personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar

      Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt. Me vil vurdere korleis din kompetanse, erfaring, motivasjon og personlig egnethet kan utfylle vår avdeling og bidra positivt til samarbeid og utvikling ved ungdomseininga vår.


    Me tilbyr

    • godt arbeidsmiljø 
    • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
    • god opplæring og vegleiing knytt til arbeidsoppgåver og samfunnsoppdrag
    • god opplæring i sikkerhetsarbeid, kontaktbetjentarbeid, miljøterapeutisk fokus og fysisk maktanvendelse
    • treningsrom
    • pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter)
    • gratis parkering, lademuligheter for el-bil
    • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
    • stillinga blir avlønna som miljøterapeut 1201 fra kr 540 000 - 645 000 eller miljøterapeut 0808 fra kr 489 000 - 565 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
    Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga.

    Generell informasjon

    Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

    Søknad og CV blir send elektronisk via linken "søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend, eller tilsvarande.

    Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

    Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

    Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

    Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

    Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

    Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar, Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.

    For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


    Kontaktperson for stillingen

    Ragnhild Nomeland

    avdelingsleder

    +47 99 49 65 04

    Ragnhild.Nomeland@kriminalomsorg.no

    Om bedriften

    Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. 

    Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

    Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.

    Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4be6fbbf-5249-4a57-a0eb-44fdecc5b71f

    Sist endret

    26. november 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10317381

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser