Tilkallingsvikarar og sommervikarar i ungdomsfengsel
Agder fengsel
Sanitetsstien 7, 4735 Evje
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarer og sommervikarer, Agder fengsel, Evje Ungdomseining
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. januar
Om stillinga
Vil du ha ein jobb som er alt anna enn kjedeleg? Me søker no etter nye heilårsvikarar og sommarvikarar for sommaren 2027.Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomsenhet sørvest) er blitt Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige med plass inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga har tre soner med høg sikkerheit, der det er muleg å differensiere sikkerheita og tilbudet til ungdomane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet me skal gje, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar, og retningslinjene gjeve etter straffegjennomføringslovens §10a.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje.
Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar.
På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering).
Både faste tilsette og vikarar jobbar saman i vaktlag, med krav til godkjente modular i fysisk maktanvendelse (FM). Nytilsette vikarar må bestå obligatorisk opplæring i FM i februar eller april 2027.
Vikarane hos oss må vere fleksible og kunne jobbe både dagvakter, kveldsvakter, nattevakter og helgevakter (12t).
Høyres dette noko ut for deg? Send oss i så fall ein søknad, der du også oppgjev følgjande:
1. Søker du på stilling som vikar heile året eller søker du kun for vikarstilling sommaren 2027 (veke 25-32)?
2. Kor mykje ser du føre deg å kunne jobbe hos oss?
Søknadsfrist er 17.01.27Arbeidsoppgåver
- bistå og veilede mindreårige innsette
- ivareta ro, orden og sikkerheit i fengselet
- miljøterapeutisk arbeid
- utføre daglege gjeremål på avdelinga
følge opp dagsplanen og rutiner for ungdommen
Dersom du ikkje er utdanna fengselsbetjent må du gjennomføre 9 dagar med intern modulbasert opplæring på dagtid i sikkerheit. Opplæringa går mellom anna ut på opplæring i fysisk maktanvandelse (FM), sikkerheitstenking og anna teori. Du får løn under opplæringa.
Opplæringa vil truleg skje i februar eller april i 2027, avhengig av når du kan starte opp.
Etter gjennomført og bestått opplæring vil du få minimum tre opplæringsvakter saman med ein anna tilsett hos oss.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 0264Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning ved KRUS (Kriminalomsorgens høgskole- og utdanningssenter)
- erfaring frå Kriminalomsorgen
- sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå
- erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
- gode kommunikasjonsevner
- personlege eigenskaper i tråd med etatens verdiar
- bestått 3-årig vidaregåande skule og relevant yrkeserfaring
- vere 20 år eller eldre
- personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god språkleg forståing
- førarkort klasse B
- vandel det ikkje er noko å utsetje på. Ein uttømande politiattest vil bli etterspurt før du kan starte som vikar
- god helse, både fysisk og psykisk
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- er robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ro
- har evne til å motta opplæring
- er fysisk i god form
- evner å ta initiativ
- fleksibel ovanfor arbeidsgjevar og vårt behov for oppdekking av vakter
Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt. Me vil vurdere korleis din kompetanse, erfaring, motivasjon og personlig egnethet kan utfylle vår avdeling og bidra positivt til samarbeid og utvikling ved ungdomseininga vår.
Me tilbyr
- sosialt og godt arbeidsmiljø
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- god opplæring og vegleiing knytt til arbeidsoppgåver og samfunnsoppdrag
- god opplæring i sikkerheitsarbeid og fysisk maktanvendelse
- treningsrom
- pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter)
- gratis parkering, lademuligheter for el-bil
gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Stillinga blir avlønna som 0264 fengselsbetjent frå kr. 515 000 - 645 000, miljøterapeut 1201 fra kr 540 000 - 645 000 eller miljøterapeut 0808 fra kr 489 000 - 565 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar, Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
Søknad og CV blir send elektronisk via linken "søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend, eller tilsvarande.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
138187bd-9608-4d60-90a5-25f740c0b723
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10317379