Avdelingsleiar
NAV Region Bergen
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Oppstart
13. mai 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Nav leverer arbeids-og velferdstenester til befolkninga i Norge og har om lag 22.000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og gjennom innsatsen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Nav i Bergen har oppretta eit prosjekt med ei mellombels avdeling for handsaming av søknadar om arbeidsavklaringspengar (etter§ 11-5 i Folketrygdlova), journalføring av saker, klagesaksbehandling m.m. Avdelinga handsamar saker på vegne av dei fem NAV-kontora i Bergen og rapporterer til regionleiar. Avdelinga har om lag 14 tilsette og er lagt til regionkontoret Nav Bergen sentrum. Avdelingsleiar har både personal- og fagansvar for feltet arbeidsavklaringspengar. Den mellombelse stillinga som avdelingsleiar er ledig frå no og ut 2025.
I NAV i Bergen er vi mellom anna opptatt av tillitsbasert leiing, prosessleiing og kontinuerlig tjenesteutvikling
til beste for våre brukarar. Vi ser etter deg som er ein tydeleg leiar, er god på å byggje relasjoner, er ein
pådrivar i utviklingsarbeid, har gjennomføringsevne og ser verdien av samhandling og samskaping.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar
- Vere pådriver for kontinuerlig utvikling av fagområdet
- Sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar
- Koordinere samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette
Kvalifikasjonar
- Fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå, og særleg god kjennskap til fagfeltet arbeidsavklaringspengar
- Leiarerfaring med personalansvar
- Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
- har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevne
- kan vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Vi ser etter deg som
- Skaper gode samarbeidsrelasjonar og legg til rette for meistring
- Er tydeleg og strukturert
- Gjer tydelige prioriteringar og kan handtere stor saksmengde i ein hektisk kvardag
- Er beslutningsdyktig og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i ei stor offentleg verksemd
- Eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag
- Ei spennande stilling i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar. Lønsspennet er frå kr. 700 000 til 770 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Cathrine Tau, Avdelingsdirektør, 92453339, cathrine.tau@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4942335303
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 13.05.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2898062
- Hentet fra
talentech
- Referanse
65681303ee254fbf9ba35b5e33d4bab7