Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Glomstuvegen 50, 6411 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 3. april

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig eit vikariat som psykolog frå 01.07.26 - 22.08.27. Tilsetting så snart som mogeleg!

Seksjon langtids døgn rusbehandling TSB Molde er ein del av spesialisthelsetjenesta i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er samansett av ei tverrfagleg gruppe, som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved seksjonen er samansett av rus-spesialistar/psykiatar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse-og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning. 

Seksjonen har 15 sengeplassar. Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med legale og illegale rusmiddel, ofte med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med følelsesregulering og traumelidingar. Pasientane er innlagt i 26 veker. Seksjonen har  implementert ein kombinasjon av traumebehandling med NET (Narrativ eksponeringsterapi) og DBT (Dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Det er eit pågående PhD-løp på dette. Psykologane ved seksjonen bidreg aktivt inn i dette arbeidet.
Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Som psykolog har ein som oppgåve å bidra med psykologfagleg kunnskap og diagnosekompetanse inn i eit tverrfagleg samarbeid, utgreiing og terapi-oppfølging av pasientar som treng det. Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg koordinator som koordinerar pasientforløpet, og har ansvar for pakkeforløp TSB. Som psykolog vil ein i stor grad bli nytta til psykologfaglege oppgåver, både i det tverrfaglege samarbeidet og i direkte oppfølging av pasienten.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne innan fagområdet rus og psykisk helse
  • Vere ein del av det tverrfaglege teamet
  • Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
  • Individuelt behandlingsansvar
  • Fagleg utviklingsarbeid og rettleiing 
  • Eksternt samarbeid og undervisning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog, evt. psykologlisens som fører til autorisasjon
  • Det er ønskjeleg med klinisk erfaring frå rus/ psykiatri 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
  • Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse 
  • Du er ein positiv og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du er fleksibel og endringsorientert
  • Du har evne til å handtere hektiske dagar 
  • Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på god eigenskap når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har god skriftlig framstilingsevne
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med faglege og erfarne medarbeidare
  • Internundervisning, rettleiing, eigne fagdagar og personalseminar

Kontaktinformasjon

Marianne Haug Johansen, Seksjonsleiar, Marianne.Haug. Johansen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Glomstuvegen 50
6411 MOLDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5100259682
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Haug Johansen

Seksjonsleiar

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4ba67450-0228-437c-8210-a26e44d04b7b

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

90bb406e6728401692a31b615c9931cb

Lignende annonser

Laster lignende annonser