Operatørar - politibetjent 3/2/1
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1, operatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Vil du vere med og koordinere og gjennomføre dei hendingsstyrte og planlagde oppdraga til politiet? Har du god evne til å handtere stress og evner å kommunisere på ein god måte? Då kan det vere deg vi leitar etter!
Vi har ledig to faste stillingar og to vikariat som politibetjent 3/2/1 ved operasjonssentralen. Vikariata varar til og med 01.09.26 med moglegheit for forlenging. Det kan bli ledig fleire faste stillingar og vikariat.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/ operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar.
Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
- Handtere 02800 anrop og hovednummer til politidistriktet
- Planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
- Utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO
- Sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar
- Bidra til å sette i verk straksetterforsking
- Involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
- Kan påleggast andre oppgåvar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politihøgskule/politiskule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå; https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk, samd gode kommunikasjonsevne
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg
Ønska:
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Initiativrik
- Endringsvillig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - kr. 655 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 500 000 - kr. 550 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 475 000 - kr. 535 000
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- For særskilt kvalifiserte kandidater kan noko høgare lønnsplassering og høgare stillingskode bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Jørgen Molnes, Avsnittsleiar, 41440454Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes, Avsnittsleiar, 70118700
Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4929027865
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes
Avsnittsleiar
70118700
Jørgen Molnes
Avsnittsleiar
41440454
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2898406
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c9133a99bda4c05bf0bc689d35cdab6