Seksjonsleiar
Bildediagnostikk (KSU) SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Klinikk for diagnostikk – Radiologi SNR Hjelset og Kristiansund.
Har du eit ønske og ein ambisjon om å bli leiar for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i HMR?
Vi søkjer no etter seksjonsleiar i 100 % fast stilling ved radiologi SNR Kristiansund.
Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar.
Seksjonsleiar Kristiansund vil gå inn i leiarteam med seksjonsleiar SNR Hjelset, seksjonsleiar merkantil og seksjonsleiar legar, der dei deler avdelinga sine oppgåver og personalansvar mellom seg. Seksjonsleiar Kristiansund vil ha personalansvar for om lag 20 av dei tilsette, der om lag halvparten av desse arbeider både ved SNR Hjelset og ved SNR Kristiansund.
Oppstart etter nærmere avtale.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden/CV.
Arbeidsoppgåver
- Totalansvar for kvalitet, personell, fag og økonomi ved seksjonen innan dei til ei kvar tid gitte rammer, og arbeide etter HMR HF sine verdiar – Kvalitet – Tryggleik – Respekt
- Tilrettelegging, prioritering og utføring av arbeidsoppgåver ved seksjonen
- Ansvar for oppfølging av personalet, inkludert kompetanseutvikling, utviklingssamtalar, oppfølging av sjukemelde, arbeidsavtalar m.m.
- Utvikle og skrive turnus for seksjonen/avdelinga
- Målretta arbeid for å behalde og rekruttere tilsette
- Ansvar for å etablere/vidareføre gode samarbeids- og informasjonsarenaer ved seksjonen
- Ansvar for HMS-oppfølging ved seksjonen
- Utøve god forvaltning av ressursar knytt til seksjonen sin aktivitet
- Medverke til god koordinering og forvaltning av avdelinga sine totale ressurser
- Delta i avdelinga sitt budsjettarbeid og ha ansvar for økonomioppfølging for seksjonen
- Delta i utarbeiding av avdelinga sine mål og planar for aktiviteten og ha ansvar for oppfølging innan eigen seksjon
- Etablere og følgje opp kvalitetsforbetringsarbeid ved seksjonen, i samarbeid med medisinsk og teknisk personell
- Møte med leverandørar og andre eksterne samarbeidspartnarar skal avtalast og gjennomførast i samarbeid med avdelingssjef
- Representere seksjonen utad
- Seksjonsleiar kan bli tillagt andre dedikerte oppgåver frå avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Leiarkompetanse, leiareigenskapar og gode samarbeidsevner
- Formell eller reell kompetanse innan leiing
- Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt
- Kompetanse innan og interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling, strategi og innovasjon
- Relevant IT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Synleg og tydeleg med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Evne og vilje til å utarbeide mål og motivere dei tilsette på individ- og gruppenivå
- Positiv og fleksibel innstilling, med stor grad av gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner, vilje og evne til omstilling, og interesse for vidareutvikling
- Evne til å arbeide i team
- Evne til kontinuerleg forbetring og kompetanseheving
- Evne til å vidareutvikle felles kultur og identitet i avdelinga
- Evne til å tenkje heilskapleg, kunne prioritere, velje bort og halde fokus
- Handlekraftig, initiativrik og sjølvstendig
- Systematisk, mål- og resultatorientert
Gode samarbeidsevner og personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Ein del av avdelinga si leiargruppe
- Eit sterkt fagmiljø, med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Sterkt tverrfaglig samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomster
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vibeke Aandahl, Seksjonsleiar, 46542821, Vibeke.Aandahl@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5028675552
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4b730112-9181-4c85-9937-5bad37e7e3b3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
84de56b65abc4a439de062f7ca6d35cc
Lignende annonser
Ledig fastlegehjemmel
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Bryggen medisinske senter
Sted
Kristiansund N
Sykepleier/paramedisiner - deltid/helg
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Kristiansund og omegn legevakt
Sted
Kristiansund N
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Legetjenester
Sted
Kristiansund N