Hopp til innhold

Helsefagarbeidarar - Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen

Arbeidsgiver

Stranda distrikt, Stranda kommune

Sted

Nymarkvegen 58, 6200 Stranda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
20. juli 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - sjukeheimen
Type ansettelse
Fast, deltid 55%
Antall stillinger
1

Det er ledig stilling som helsefagarbeidar på Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen frå 20.07.2026.

Stillinga er på 55 %. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein helsefagarbeidar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging. 

Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. 


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
    Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
    Grunnleggande datakunnskap

    Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetting

  • Personlege eigenskapar

  • Ynskje om å jobbe med menneske og vere opptatt av høg fagleg kvalitet
    Evner til å jobbe sjølvstendig og i team
    Pålitleg og punktleg med god arbeidsmoral
  • Vi tilbyr

    •  Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
    • Ungt og fagleg aktivt miljø
    • Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
    • Treningsrom for tilsette
    • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
    • Lønn etter tariff

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

    Offentlig tenestepensjon

     

    Kontaktinformasjon

    Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180

    Arbeidsstad

    Nymarkvegen 58
    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5117699580
    Stillingsprosent: 55%
    Fast
    Startdato: 20.07.2026
    Søknadsfrist: 07.05.2026

    Om bedriften

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4b20d3e5-70ad-46ae-872f-584bf99c7c34

    Sist endret

    22. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e20ec5ff12154a78b86905a0d668897e

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser