Direktør for KORO
Kultur- og likestillingsdepartementet
Victoria Terrasse 11, 0251 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Direktør KORO
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. desember
Om stillinga
KORO arbeider med produksjon, formidling, forvaltning og kunnskapsutvikling innanfor feltet kunst i offentlege rom. Institusjonen har som mål at samtidskunst av høg kvalitet skal vere tilgjengeleg for eit vidt publikum over heile landet. KORO er statens fagorgan for kunst i offentlege rom og er underlagd Kultur- og likestillingsdepartementet.
Til å leie verksemda søkjer vi ein kompetent og erfaren leiar som kan føre vidare og utvikle både oppgåvene og organisasjonen. Du skal mellom anna bidra til at kunsten er tilgjengeleg og relevant for publikum og medverke til at KORO hald fram med å vere eit viktig kompetansesenter for samtidskunst.
Arbeidsoppgåver
- leie KORO fagleg, administrativt og økonomisk
- fremje KORO sin posisjon og omdøme som fagorgan og rådgivar for departement og samarbeidspartnarar
- organisere og utvikle arbeidet i verksemda på ein formålstenleg måte og i tråd med utviklinga på fagfeltet, KOROs strategi og i forvaltninga av statleg kulturpolitikk
- sikre tverrfagleg samarbeid internt og sørgje for at tilgjengelege ressursar blir brukt på ein effektiv måte
- sikre god kontakt og samarbeid mellom KORO og relevante offentlege og private aktørar, både nasjonalt og internasjonalt
Vi søkjer ein direktør med
- relevant utdanning på høgare nivå
- relevant leiarerfaring med forståing for det å vere øvste leiar
- god kjennskap til norsk og internasjonal samtidskunst, mellom anna kunst i offentlege rom
- god rolleforståing og kunnskap om offentleg forvaltning og forståing av politiske prosessar
- svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både i og utanfor eigen organisasjon
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på bokmål, nynorsk og engelsk
Vi søkjer ein strategisk og målretta person med god fagkunnskap, med relevant leiarerfaring og med god rolle- og organisasjonsforståing. Du må kunne vise til gode resultat og vere ein motiverande og inspirerande leiar. I tillegg er du god til å byggje relasjonar. Du har stor gjennomføringskraft og kommuniserer godt både med eigne medarbeidarar, eigardepartementet og med samarbeidspartnarar som leiarar i offentleg sektor og deltakarar i referansegrupper o.l. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå å leie medarbeidarar gjennom utviklings- og endringsprosessar. Du må kunne representere KORO i ulike samanhengar både nasjonalt og internasjonalt, gjennom møte, debattar, foredrag og i media.
Vi vil òg leggje vekt på motivasjonen din for stillinga og arbeidsområda.
Den som blir tilsett i stillinga må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerheitslova.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.
Vi tilbyr
- løn etter avtale
- godt arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaring
- kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
Stillinga er eit åremål på seks år. Åremålet kan fornyast ein gong med ytterlegare seks år etter offentleg utlysing.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Før søknadsfristen kan interesserte ta fortruleg kontakt med Liv S. Bøe i DSS på tlf. 911 08 263 eller e-post liv-sissel.boe@dss.dep.no. Om ønskjeleg kan ein også kontakte ekspedisjonssjef Erik Saglie i Kultur- og likestillingsdepartementet på tlf. 959 95 823.
Etter at søknadsfristen har gått ut blir det utarbeidd søkjarlister. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjarar har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista. Blir det aktuelt, tek vi kontakt før offentleggjering.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
KORO produserer og finansierer kunst i offentlege rom over heile Noreg og ved norske konsulat og ambassadar i utlandet. KORO forvaltar og formidlar ei stor samling av kunstverk over heile landet, og samlinga er kjenneteikna av at verka alltid er tilgjengelege for publikum. I tillegg har KORO oppgåver som nasjonalt kunnskapssenter innanfor eige fagfelt.
KOROs kulturpolitiske oppdrag er å sikre at flest mogleg møter eit mangfald av kunst av høg kvalitet i offentlege bygg og på andre offentlege stader. KOROs arbeid skal også bidra til å utvikle samtidskunsten og til å gi kunstnarane oppdrag og inntekter.
KORO har 23 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4b1a595d-960c-4fa4-918c-2c08562d2ce4
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270775
Lignende annonser
Avdelingsdirektør dokumentasjonsforvaltning
Arbeidsgiver
Statsbygg
Sted
Oslo
Konservator/Førstekonservator
Arbeidsgiver
Oslo Museum
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Oslo kommune
Sted
Oslo