Bokn kommune søkjer miljøpersonal/Barne- og ungdomsarbeider
Bokn kommune Bokn skule
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider/Barne- og ungdomsarbeider vikariat 100%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Bokn skule er frå skulestart 2025 ein fådelt skule 1-10 med 85 elevar. Me er opptatt av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for elevar og tilsette. Skulen ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det kan bli inntil 2 stillingar som vikariat frå 01.08.25 - 31.07.26, med moglegheit for fast stilling.
Arbeidsoppåver:
- Arbeid med barn med særlege behov i skulen.
- Bidra til eit trygt og godt miljø for barn og unge i skule og SFO.
- Samarbeide med laget rundt elevar for at elever meistrer skulekvardagen, og gje dei tryggleik, trivsel og omsorg.
- Støtte elevar i læringsprosessen og sosiale situasjonar.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, gjerne innan skule eller SFO.
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskaper:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og strukturert
- Kan gje og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
- Ein variert og spanande arbeidskvardag
- Moglegheit til å hjelpa barn og ungdom til å oppfylla og utvikla sitt potensiale
- Godt arbeidsmiljø med positive og ivrige elevar, dedikerte tilsette og engasjerte foreldre
- Offensiv teamjobbing og moglegheiter for å påverka eigen arbeidssituasjon innanfor gitte rammer
- Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring.
Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga.
Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar.
Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942287
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3502297_241055_nn