Er du kreftsjukepleiar/sjukepleiar med brei erfaring med cytostatika?
Medisinsk avdeling B Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi søkjer etter to kreftsjukepleiarar eller sjukepleiarar med brei erfaring innan cytostatika.
Kreftpoliklinikken er ein del av Medisinsk avdeling B og har ein variert kvardag. Vi tar imot mellom 20-30 pasientar dagleg til infusjonsbehandling og har i tillegg sjukepleiarstyrt poliklinikk og poliklinikk for onkologar. Vi har ansvar for 4 pakkeforløp og deltek i forskingsstudier.
No har vi to ledige stillingar i 100 % som kreftsjukepleiar, med arbeidshelg kvar 4. veke på sengepost.
Vi søkjer deg som har vidareutdanning i kreftsjukepleie. Dersom du ikkje har videreutdanning, kan sjukepleiar med brei erfaring innan cytostatikabehandling bli vurdert. Dersom du ikkje har vidareutdanning, må du forplikte deg til å starte på utdanning i kreftsjukepleie innan to år. Sjukehuset tilbyr utdanningsstillingar innan dette feltet.
Vil du vere med på laget? Stillingane er ledige frå 01.06.2025. 👉 Klikk på lenka og søk stillinga!
Arbeidsoppgåver
samarbeide med pasient og pårørande.
Undervisning og opplæring av pasient og pårørande, og i tillegg bidrar kreftsjukepleiar til opplæring og undervisning av helsepersonell både internt og eksternt på forespurnad.
Kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning rulleres på alle kreftsjukepleiarar.
Helg på sengepost er arbeid laurdag og sundag.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Ønskeleg med videreutdanning i kreftsjukepleie – Lang erfaring med cytostatikahåndtering kan kompensera for manglande videreutdanning. Må då forplikte seg til å ta videreutdanning i kreftsjukepleie innan to år.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig og med gode samarbeidsevner. Arbeid på kreftpoliklinikken kan i periodar vere uforutsigbart og hektisk. Vi krev at du må håndtere høgt arbeidspress og må trives med høgt arbeidstempo. Derfor ser vi etter nye kollegaer med eigenskapar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Evelyn Endresen SevlandArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895633791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2829345
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba1dbdddb6f7400c854b60795fbf0fed