Hopp til innhold

Vi søker psykologspesialist!

Arbeidsgiver

BUP døgnpost Haugesund, Helse Fonna HF

Sted

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼

BUP Haugesund har ein 100% ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.

Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.

Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år.

Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ 

Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming.

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett. 

Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overleger og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistar fra døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhørande møter, samlingar, fagutvikling m.m.

Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling. Har du interesse for dette, vil vi gjerne høyre frå deg. 

👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Vil du vite meir? Ta kontakt på telefon eller e-post.


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom i tverrfaglig team. 
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverket.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som psykolog med spesialistgodkjenning. Gjerne spesialist i barne- og ungdomspsykologi. 
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

*Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er god til å samarbeide, og trygg på å dele kunnskap både internt og med samarbeidspartnarar
  • planlegg godt og står støtt i eiga rolle
  • tenker nytt, finn løysingar og snur deg raskt når det trengst

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.

Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeide i tverrfaglege team.
  • Moglegheit for kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og hyggelege kolleger.
  • Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe.
Litt om oss:

Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). 

Hos oss finner du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team. 

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar BUP Haugesund, +47 52732850
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar døgnpost, +47 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 418 89 114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.com

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5136759711
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gabrielle Leah Dickson

Konsulent

+47 418 89 114

gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.com

Marit Elise Lier

Funksjonsleiar døgnpost

+47 52732850

Georg Walter Reinhardt

Avdelingsleiar BUP Haugesund

+47 52732850

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4aab2584-9d08-4a0f-b2a9-285cb7830d01

Sist endret

3. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

01f043d262bf4d519283eabffb428a02

Lignende annonser

Laster lignende annonser