Sjukepleiarar med ønske om god eldreomsorg?
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter søker engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er - jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette!
Me ønsker fleire med på laga på begge hus og på alle avdelingar samt natt.
Du skriv i søknaden din kvar du kunne tenkt deg å arbeide (hus og avdeling). Du kan og sende ein open søknad!
Kva får du jobba med hos oss?- Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
- Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
- Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
- Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
- Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.
- Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. Helg kvar tredje eller kvar fjerde.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn som ved 8 års ansienitet frå første dag
- 25 000,- over garantilønn for arbeid på dag/kveld
- 40 000,- over garantilønn for arbeid på natt
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du brenn for å yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
- Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
- Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
- Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
- Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
- Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4aa06d38-a366-4295-aa69-594ac35059fb
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531299_229835_nn