Fleirkjeldeanalytikar
Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fleirkjeldeanalytikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Om stillinga
Vi har ledig fast stilling som fleirkjeldeanalytikar ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), seksjon for etterretning og analyse.
Hovudoppgåva til seksjonen er å leie og koordinere etterretningsprosessen i Møre og Romsdal politidistrikt. Ved å bli ein del av seksjonen vår som fleirkjeldeanalytikar, vil du mellom anna
- bearbeide, systematisere, analysere og vurdere informasjon frå fleire kjelder og produsere etterretningsrapportar til bruk på alle beslutningsnivå i politidistriktet
- delta i og koordinere oppdragsanalyser, analyseprosessar, produktproduksjon og skriftleg og munnleg formidling
- delta i eit tverrfagleg etterretningsmiljø med høg kompetanse og engasjement
- arbeide side om side med erfarne kollegaer i kampen for å beskytte samfunnet mot grove kriminalitetstruslar, voldeleg ekstremisme/radikalisering og sammensatte truslar
Seksjonen har distriktsovergripande ansvar for etterretning og analyse, og skal sikre ei heilskapleg styring av etterretninga. Vi leverer etterretningsprodukt som bidreg til at politiet jobbar kunnskapsstyrt og dermed meir strategisk, målretta og effektivt. Vi skal også sikre at informasjonsbehovet i politidistriktet er dekka på strategisk, operasjonelt og taktisk nivå, slik at det blir størst mogleg samanheng mellom sentrale prioriteringar og lokale utfordringar – og motsatt.
Som fleirkjeldeanalytikar samarbeider du med alle einingar i politidistriktet inkludert PST, fagmiljø i andre politidistrikt, Kripos og eksterne samarbeidspartnarar.
Synest du dette høyrest interessant ut, vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, har ein skarp analytisk sans og som ønskjer å tjene fellesskapet ved å avdekke, bekjempe og førebygge alvorleg kriminalitet.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Primæroppgåve er fleirkjeldeanalyse i produksjon av strategisk-, operasjonell- og taktisk beslutningsstøtte i distriktet
- Delta og koordinere oppdragsanalyser, analyseprosessar, produktproduksjon og formidling
- Delta i utarbeiding av hypotesar og informasjonsbehov
- Motta innhenta informasjon for analyse i ulike oppdrag og gjennomføre analyse og gjere vurderingar ut frå arten til oppdraget
- Innhente informasjon frå relevante kjelder i samsvar med innhentingsplan og informasjonsbehov
- Avdekke etterretningshol og påpeike nye etterretnings- og informasjonsbehov i samarbeid med innhentingsleiar
- Formidle både munnleg og skriftleg etterretningsprodukt til oppdragsgjevar
- Bidra i kompetanseutvikling og kunnskapsdeling innanfor fagfeltet etterretningsanalyse, medrekna å halde presentasjonar og gi støtte og rettleiing
- Bidra inn i andre oppgåver ved eininga
- Funksjonen vil ved kriser og ekstraordinære hendingar inngå som fleirkjeldeanalytikar i etterretnings-KO underlagt P2 i politimesteren sin operative stab
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå, innan eksempelvis analyse, samfunnsvitenskap eller liknande
- Minimum tre års relevant erfaring
- For å bli vurdert som seniorrådgjevar er det krav til utdanning på masternivå innan relevante fag. I tillegg minimum fem års relevant erfaring. Relevant og etterspurt erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELIG
Det er ønskjeleg med:
- Utdanning i etterretning eller etterretningsanalyse
- Erfaring med etterretning og/eller analysearbeid, herunder risikoanalysar, trusselvurderingar, sikkerheits- og beredskapsarbeid frå offentleg eller privat sektor
- Kunnskap om etterforsking/gransking
- Innsikt i politiet sitt oppdrag, organisasjon og etterretningsdoktrine
- God kunnskap om IT-verktøy som støtter analysearbeid
Personlege eigenskapar
For å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du:
- Har gode analytiske evner og er strukturert
- Er nysgjerrig og initiativrik
- Har høg etisk standard og fagleg integritet
- Har god evne til samarbeid og heilskapleg tenking
- Kan handtere høgt arbeidspress og vere uthaldande
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga vert lønna som rådgjevar (SKO 1434 ) frå kr 575.000 - 700.000 eller seniorrådgjevar (SKO 1364) frå kr. 670.00 til kr. 830.000 brutto per år. For særskilt kvalifiserte kandidater kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Tore Hovstein
Seksjonsleiar
+47 40 28 06 46
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er Felles eining for påtale, Felles eining for operativ teneste, Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking er ei funksjonell driftseining for etterforsking av den alvorlegaste kriminaliteten, samt førebygging og etterretning i Møre og Romsdal politidistrikt. Driftseininga består av fem ulike seksjonar; Seksjon for førebygging, seksjon for taktisk etterforsking og etterforskingsstøtte, seksjon for spesiell etterforsking, seksjon for Statens barnehus og seksjon for etterretning og analyse. Seksjon for etterretning og analyse har det overordna ansvaret for oppfølging av den daglege etterretninga og etterretningsproduksjonen i politidistriktet, i tett samarbeid med personell i dei geografiske driftseiningane, andre funksjonelle driftseiningar og PST.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a7b9e52-2454-44b3-aa91-114cce3b1fd6
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260535