Familieterapeut
Familiekontora for Sunnfjord og Sogn, Bufetat
Storehagen 1B, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Familieterapeut
Oppstart
15. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Ved Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har vi ledig eit vikariat i 100 prosent stilling som familieterapeut i perioden 15.08.25- 30.06.26 med moglegheit for forlenging. Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag.
Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har lokasjonar i Førde og i Sogndal. Arbeidstad for dette vikariatet er i Førde.
Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typar relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie- og parterapi, grupper, kurs, mekling og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.
Familievernet er i utvikling og eit av satsningsområda er å auke barn sin medverknad i eige liv gjennom familievernet sitt tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver
I familievernet vil du arbeide med:
- Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar.
- Foreldrerettleiing.
- Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
- Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
- Samvær med tilsyn.
- Kurs og grupper.
- Utadretta og førebuande arbeid.
- Intern fagutvikling i samarbeid med kollegaer.
- Administrative/andre oppgåver knytta til drift av kontoret.
Kva slags bakgrunn har du?
Krav til stillingane:
- Utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller sjukepleiar med vidareutdanning i familieterapi. Annan relevant vidareutdanning med minimum 60 studiepoeng kan vurderast.
- Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
- Gode kliniske ferdigheiter.
- Gode IKT-ferdigheiter, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Kven ser vi etter?
Du har:- Evne til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar på ein respektfull, god og trygg måte.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- God arbeidskapasitet.
- Evne til sjølvleiing og fleksibilitet.
- Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar.
Personlege eigenskapar og samansetning av personalgruppa vil bli vektlagt.
Kva får du hos oss?
- Stillinga som familieterapeutar er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000 - 712 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vi kan også tilby:
- Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.
- Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammer.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Familiekontora for Sunnfjord og Sogn med arbeidsstad i Førde.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familevernkontorloven § 2 a, jf. Politiregistreringsloven § 39 første ledd. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Mari Jonstad Baardsen, Einingsleiar, 95 15 16 28, mari.jonstad.baardsen@bufetat.noArbeidssted
Storehagen 1B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4979601310
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a394926-63d0-4a12-ac76-3508c6aae17c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3dcf4cc23fd14f628a5e87f775778e66