Tilkallingsvikar barnehage, skule, sfo og kulturskulen
Vanylven kommune treng tilkallingsvikarar i barnehage, skule, SFO og i kulturskulen.
Arbeidsoppgåver
Praktisk og pedagogisk arbeid med barn og unge i alder 0-16 år (i høve stillingsinstruks).
Kvalifikasjonar
Ingen krav om formell utdanning, men det er ein fordel om du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå arbeid i barnehage, skule, SFO, eller barnehage.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt
- sjølvstendig, målretta og strukturert
- positivt menneskesyn
- gå godt i lag med barn
Kontaktinformasjon
Sølvi Erviksæter Sjåstad, kst. kommunalsjef kultur og oppvekst, 99746440, solvi.erviksaeter.sjastad@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset
6143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vanylven kommune
Referansenr.:4494603377
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!