Stipendiat (to stillingar) i marin evolusjonsøkologi
Universitetet i Bergen
Thormøhlens gate 53 A, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat (to stillingar) i marin evolusjonsøkologi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStipendiat
Det ledig to stipendiatstillingar i marin evolusjonærøkologi ved Institutt for biovitskap (BIO) ved Universitetet i Bergen. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år knytt til Forskingsgruppa for teoretisk økologi.
Havet er eit fysisk miljø som er dynamisk og variabelt med omsyn til lys, temperatur og havstraumar. Dette gir rammar og høve for organismane som lever der, og som har evolvert tilpassingar i form av fysiologi, åtferd og livshistorie-strategiar som gjer at dei lukkast med å overleve og produsere avkom. I forskingsgruppa for Teoretisk økologi fokuserer vi på individet i sitt miljø når vi studerer dei marine systema og utviklar numeriske modellar for å undersøka korleis fysiske påverknader og samspel med andre artar kan forklare tilpassingar hos desse organismane. Dette krev ei god forståing av marin økologi, rolla til miljøet og kva evner marine organismar har, men òg numeriske dugleik for å utvikle datakode for simuleringsmodellar, for dataanalyse og tolking.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Den fyrste stillinga er ein del av forskingsprosjektet Thermos (Regional downscaling of eco-physiological theory. Confronting global predictions with local observations) finansiert av Noregs Forskingsråd. Prosjektet har som føremål å kritisk evaluera rådande teoriar om korleis temperatur og andre drivarar påverkar gytande fisk og tidspunktet dei gyter, og vurdera i kva grad dei desse teoriane er relevante for vårblømesystem på høge bredegrader, med torsk og sild som testtilfelle. Ein viktig hypotese som ligg til grunn for prosjektet, og som utfordrar dagens tankegang, er at det er dei oseanografiske forholda, og ikkje den individuelle preferansen, som bestemmer på kva temperatur fisk gyter. I stillinga skal kandidaten vere delaktig i å utvikla ein mekanistisk simuleringsmodell for å undersøkje korleis fisk kan nytta varierande temperaturar gjennom året for å budsjettere ulike bioenergetiske oppgåver, som til dømes eting, fordøying og reproduksjon. Det vil også vere høve til å kopla modellresultat til observerte temperaturregistreringar frå fisk merka med ulike temperatursensorar. Denne delen av prosjektet vil vere i samarbeid med Havforskingsinstituttet.
Den andre stillinga er ein del av forskingsprosjektet DRIFT (Systematically rethinking advection and cross-ecosystem subsidies), eit startstipend finansiert av Trond Mohn forskingsstifting og BIO (https://bio.uib.no/te/research/advection/). Prosjektet handlar om korleis havstraumar transporterar store mengder mat mellom økosystem. Det opne havet rommar omlag 1–16 milliardar tonn små mesopelagiske fisk, som utgjer 50–95% av fiskebiomassen i verda. Mange av desse fiskane, saman med pelagiske krepsdyr, blekksprutar og maneter, kan aktivt kan endre si egen djupne, men held seg skjult i skyminga på djupner av fleire hundre meter om dagen. Når desse drivande organismane blir transportert frå ope hav mot undersjøiske skråningar - som undersjøiske fjell, bankar og brotet på dei kontinentale soklane - blir dei løfta frå den djupe skyminga til grunnare djupner med meir lys, kor dei blir enkle bytte for rovdyr. Hypotesa vår er at denne prosessen held i gang verksame økosystem som gjer det mogleg med tette populasjonar av rovdyr langs desse skråningane. DRIFT har som mål å avdekkja mekanismane som styrer kvar og når byttedyr frå havet blir tilgjengeleg for rovdyr, kartleggja nøkkelområde for slik beite i Nord-Atlanteren, og føreseia korleis adveksjon av biomasse formar produksjon, livshistorier og utbreiing av arter i økosystema som mottar desse byttedyra. I stillinga skal kandidaten nytta partikkelsporing innan modellar for havsirkulasjon til å simulere transport av mesopelagisk biomasse, og avdekkje moglege transportband for mat. Arbeidet blir tett knyta til medrettleiar og partnarar ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi eller eit anna fagområde som er relevant for prosjektet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.09.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Ei brei kjennskap til og god intuisjon innan marin økologi er eit krav.
- Evner og røynsle i matematikk, programmering og/eller mekanistiske modellar er ein føremon.
- For stillinga i forskingsprosjektet DRIFT, vil også ei forståing av fysisk oseanografi eller røynsle med modellar for havsirkulasjon eller partikkelsporing være ein føremon.
- Søkjarar må vere villig til å utfordre eksisterande idear og tilnærmingar.
- Søkjarar må vere i stand til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha evne til å samarbeide med andre.
- Søkjarar må ha framifrå skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, særleg under intervjuet. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane, som demonstrert i motivasjonsbrevet og intervju. Vi forventar at kandidatens framlagte kvalifikasjonar og arbeid viser eit høgt potensial for framtida.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga: Stipendiatperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden tilsvarande 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
- ei positiv, dynamisk, tillitsfull og kritisk forskingsgruppe for diskusjonar og interaksjonar i arbeidskvardagen
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 541 800. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing (høyst 2 sider) om kandidaten sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Vær venleg og gjer det klart om du ynskjer å bli vurdert for begge stillingane eller berre éi av dei, og i tilfelle kva prioritering
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) med pdf-filer som vedlegg, inkludert masteroppgåva
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om
- den fyrste stillinga, ta kontakt med Anders Frugård Opdal, Institutt for biovitenskap, UiB. E-post: anders.opdal@uib.no
- den andre stillinga, ta kontakt med Tom Langbehn, Institutt for biovitenskap, UiB. E-post: tom.langbehn@uib.no
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Magnus.Larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig