Hopp til innhold

HMS inspektør -  ei nøkkelrolle i drift

Arbeidsgiver

Fjord1 AS

Sted

Strandavegen 15, 6905 Florø, Kong Chr. Frederiks Plass 3, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
HMS inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

Som HMS-inspektør får du ei sentral rolle i arbeidet med sikkerheit, risikostyring og kontinuerleg forbetring. Du jobbar tett på drift og fartøy, og er ein viktig bidragsytar til at HMS-arbeidet fungerer i praksis. Hos oss får du høve til å påverke korleis sikkerheitsarbeidet blir gjennomført i kvardagen, i tett samarbeid med leiarar og mannskap. 

Stillinga vil vere knytt til hovudkontoret i Florø eller kontoret i Bergen, og passar godt for deg som ynskjer å kombinere ein administrativ jobb med å vere ute i feltet der drifta skjer.  

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet i transportsektoren. Vi kombinerer sterke maritime tradisjonar med moderne teknologi og framtidsretta drift. Frå hausten 2026 etablerer vi mellom anna verdas første autonome ferjesamband med nullutsleppsferjer på Lavik–Oppedal.

Vil du vere med og utvikle trygg og berekraftig drift i Norges leiande ferjeselskap?


Arbeidsoppgåver

  • følge opp HMS-arbeid i drift og på fartøy
  • gjennomføre og følge opp risikovurderingar
  • delta i gransking av uønskte hendingar og sikre læring
  • bidra til ein proaktiv sikkerheitskultur
  • rettleie og støtte organisasjonen i HMS-spørsmål
  • bidra til utvikling av rutinar og HMS-styringssystem
  • gjennomføre opplæring og bidra til kompetanseheving

Kvalifikasjonar

  • erfaring fra maritim, offshore eller anna operativ verksemd
  • erfaring med HMS-, sikkerheits- eller kvalitetsarbeid
  • relevant utdanning (HMS, maritime fag eller tilsvarande) 
  • kompetanse innan risikostyring og gransking av hendingar
  • gode framstillingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • erfaring frå fartøy eller drift av fartøy er ein fordel

Dine personlege eigenskapar

  • strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • engasjert og oppteken av forbetring og gode arbeidsprosessar
  • gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit
  • initiativrik og løysingsorientert
  • trivst med å vere tett på drift og operativ verksemd

Kvifor velge oss? Hos oss får du

  • ei sentral rolle i eit selskap i front av det grønne skiftet
  • eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med sterk kultur for samarbeid
  • varierte arbeidsdagar tett på drift og fag
  • eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
  • moderne kontorlokaler 
  • konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • tilgang til leilegheiter og hytter som ein del av velferdsordningane

 

Kjenner du at dette treff deg? Da er det kanskje du som skal utvikle deg innan HMS og bidra til trygg drift i Fjord1.
Send inn søknaden din – vi vurderer kandidatar fortløpande.


Kontaktinformasjon

Eilert Nøttingnes, HMS og Berekraftsdirektør , 47656299, eilert.nottingnes@fjord1.no
Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, 95152023, nina.liseth@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen 15
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5119140065
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Eilert Nøttingnes

HMS og Berekraftsdirektør

47656299

eilert.nottingnes@fjord1.no

Nina Eren Hovland Liseth

HR rådgjevar

95152023

nina.liseth@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a163f29-1326-4f02-8c9e-2aa135afb1e8

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

645d06af408648259f7cd5ed99477094

Lignende annonser

Laster lignende annonser