ID 1993 Privat avlastar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Avlaster, assistent, fagarbeider barn og ungdom, helse og sosialarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid 28%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
2
Er du trygg på deg sjølv, omsorgsfull og kan tenka deg nye utfordringar? Då er dette kanskje noko for deg.
Det er ledig 2 stillingar som timeavlastar til barn i alderen 4 - 5 år. Det eine vedtaket er på 10 timer i veka, og det andre vedtaket er på 4 timar i veka. Kvalifikasjonskrav:- Du må vere over 18 år
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Er du interessert, og ønskjer meir informasjon, ta kontakt med konstituert avdelingsleiar Ida Kannelønning Engen på telefon 47707708 eller e-post ida.kannelonning.engen@stord.kommune.no eller assisterande avdelingsleiar Ute Zimmer telefon 477 60 422 e-post: ute.zimmer@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2275078
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4a14c951-0620-4ef5-8140-d562d7246754