Helsesjukepleiar 100% stilling (40% fast og 60% vikariat)
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 20, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar - 100% (40% fast og 60% vikariat)
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Er du helsesjukepleiar og brenner for at barn og unge skal ha det trygt og godt? Da er du den vi er på jakt etter!
Vi har ledig ei 100% stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det er 40% av stillinga som er fast, medan 60% av stillinga er vikariat gjeldande for skuleåret 2025/2026, med moglegheit for forlenging.
Hjå oss vil du vere del av eit team med engasjerte helsesjukepleiarar og andre som arbeider opp mot målgruppa. Du vil ha eit sjølvstendig ansvar for gjennomføring av både konsultasjoner i henhold til helsestasjonsprogrammet, trefftid på skule og oppfølging av årshjulet til avdelinga. Jobben utførast som regel på helsestasjonen, i skolehelsetenesta eller på helsestasjon for ungdom (HFU). Ein må også vere førebudd på å hjelpe til med andre oppgåver når dette trengs, m.a. ved ferieavvikling.
Helsestasjonen er ein del av barne- og familietenestene og har ansvar for helsestasjons- og skulehelseteneste for barn og unge frå 0 til 20 år, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og flyktninghelseteneste. Tenesta er samlokalisert med barneverntenesta, pedagogisk-psykologisk teneste, flyktningtenesta, fysioterapitenesta for barn og unge, familieteamet og psykisk helseteam for barn og unge.
Alle desse tenestene er samlokalisert på Haugneset 20 i Sykkylven og har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvane følger Nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetenesta:
- Gjennomføre konsultasjoner i henhold til helsestasjonsprogrammet
- Undersøke, vaksinere og gi råd til barn, unge og foreldre om helse og oppvekst
- Rettleie i spørsmål om helse, utvikling, oppvekst, samliv, seksualitet og prevensjon
- Gjennomføre heimebesøk
- Bygge nettverk og drive miljøarbeid for barn, ungdom og familier
- Samarbeide med barnehage og skole og rettleie personalet om barnehage- og skulemiljøet
- Kartlegge, planlegge og samordne tiltak i samarbeid med andre faggrupper og etater
- Delta i tverrfaglege samarbeidsmøter
- Støtte og rettleie familiar med barn og unge med spesielle behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon eller offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan helsesjukepleie (anna relevant videreutdanning kan bli vurdert)
- Erfaring frå helsestasjon og skulehelseteneste er ein fordel
- Gode norskunnskapar, både skriftleg og munnleg
- God forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
- Gode samarbeids-, formidlings- og kommunikasjonsevner
- Krav om gyldig politiattest
- Sertifikat og disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å formidle kunnskap og jobbe systematisk
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- Evne til å sjå ressurser og løysinger
- Evne til å sjå verdien av tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Tett samarbeid med andre tenesteområder
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
- Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kristin Iren Bjørge Thuen, Avdelingsleiar helsestasjon, 95068686, kristin.bjorge.thuen@sykkylven.kommune.noCarolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 206230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4970062742
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 31.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kristin Iren Bjørge Thuen
Avdelingsleiar helsestasjon
95068686
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945907
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4ccb133a71c443caffcb176c074546a