Forskar 1109 i jordskjelvseismologi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen, Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskar 1109 i jordskjelvseismologi
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAMellombels stilling som forskar
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i jordskjelvseismologi. Stillinga er for ein periode på to år og knytt til prosjekta SAFE-C og NNSN (Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
SAFE-C prosjektet (Safeguarding CO₂ storages in the greater North Sea region through advanced monitoring) har som mål å betre vår forståing av bakgrunnsseismisk aktivitet i Nordsjøområdet. Det søkjer også å etablere eit meir effektivt system for datautveksling og kommunikasjon mellom seismologiske institusjonar rundt Nordsjøen, med mål om å oppnå ei heilhetleg forståing av variasjonar i grunnleggande jordskjelvparameter på tvers av ulike nasjonale katalogar. Slik koordinering er avgjerande når informasjon vert formidla til CCS-operatørar, tilsynsmyndigheiter og publikum ved betydelege jordskjelv nær kritisk infrastruktur.
SAFE-C vil utforske nye overvakingsteknologiar og strategiar for spesifikke område av interesse for prosjektet sine industripartnarar, og arbeide for å tette eventuelle hol i jordskjelvovervakinga. I tillegg vil prosjektet samanlikne analysemetodar, og vidareutvikle og harmonisere behandlingsmetodar for å utvikle felles arbeidsflyt, og ein open tilgjengeleg bulletin med hendingar i Nordsjøen. Vidare vil prosjektet utvikle prosedyremessige anbefalingar for framtidige grensesnitt mellom leverandørar av seismiske data, operatørar og myndigheiter, med fokus på korleis ein handterer betydelege seismiske hendingar eller andre uventa situasjonar.
SAFE-C måla samsvarer med måla til NNSN (Norsk Nasjonal Seismisk Nettverk) som medfinansierer denne stillinga. NNSN driv eit nettverk, med meir enn 40 seismiske stasjonar over heile Noreg, for å overvake jordskjelvaktiviteten i regionen. Dataa vert brukt i ulike forskingsaktivitetar for å betre forstå fordelinga av jordskjelv. Kystområda i både Sør- og Nord-Norge er dei mest aktive på fastlandet. Studiar av jordskjelv utanfor sørlege Noreg er viktige på grunn av nærleiken til hydrokarbonutvinning og CO2-injeksjon.
Kandidaten vil arbeide mot følgande mål:
- Gje ei oversikt over gjeldande overvakingsteknologi og vurdere nye teknologiar, inkludert midlertidige implementeringar, som noder og DAS.
- Utvikle eit prototypesystem for overvaking av seismisitet i sanntid ved bruk av tilgjengeleg sensorteknologi og kommunikasjonsinfrastruktur, samt støtte operasjonen av den norske EIDA-noden.
- Vurdere datakvalitet, inkludert datafullstendigheit og støynivået i forhold til deteksjonsnivået.
- Utvikle nye metodar for å oppdage jordskjelv, forbetre og gjere jordskjelvkatalogen meir komplett, og analysere jordskjelvparameter med tilhøyrande usikkerheiter.
- Å kombinere metodar og katalogar for å utvikle ein felles arbeidsflyt for vurdering av jordskjelvlokalisering og usikkerheit.
- Utarbeide ei oversikt over eksisterande hastigheitsmodellar for Nordsjøområdet, og vurdere effekten av hastigheitsmodellane si oppløysing på kvaliteten på dei seismiske katalogane og kildeparameter-usikkerheitene.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) i geofysikk med spesialisering i jordskjelvseismologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring med vitskapeleg programmering og datahandtering er eit krav.
- Erfaring med utvikling og analyse av jordskjelvkatalogar er ein fordel.
- Erfaring med drift av eit seismisk nettverk (f.eks. datainnsamling, feltarbeid, metadatautarbeiding behandling av jordskjelvdata) er ein fordel.
- Erfaring med å køyre sanntidsprosesseringssystem som SeisComP og Earthworm er ein fordel.
- Erfaring med KI-relatert forsking og/eller innovasjon er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 657 000,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- ein forskingsplan (1-2 sider) om forbetring av metodikk for jordskjelvovervaking på lokalt til regionalt nivå, relatert til CCS.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Lars Ottemöller, Institutt for geovitenskap, telefon +47 46782534, e-post: lars.ottemoller@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a006160-0492-4b3c-9267-6980f29d958a
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277805
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen