Hopp til innhold

Saksbehandlar

Arbeidsgiver

Hordaland tingrett

Sted

C. Sundts gate 42, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Saksbehandlar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Om stillinga

Er du klar for ein jobb der ingen dag er lik, og der innsatsen din betyr noko – for enkeltmenneske, for rettstryggleiken og for samfunnet?

Som saksbehandlar i Hordaland tingrett blir du ein sentral del av den tredje statsmakta. Du får ansvar som krev presisjon, profesjonalitet og samarbeid – og du står tett på det som skjer i rettssalen.

Hordaland tingrett har ei fast 100 % stilling som saksbehandlar ledig frå hausten 2026.

Hos oss får du sjølvstendige oppgåver, tett dialog med dommarar og samarbeid med fagleg sterke og engasjerte kollegaer. 

Du er ein nøkkelperson i førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettssaker – og sørgjer for at sakene flyt, at partane får god informasjon og at prosessen held høg kvalitet.

Du får ei rolle som betyr noko – kvar dag.

Arbeidsoppgåver

Som saksbehandlar får du ein variert og hektisk kvardag der du blant anna skal

  • førebu, legge til rette for og etterbehandle rettssaker
  • samarbeide tett med dommarar og andre saksbehandlarar
  • kommunisere med partar, advokatar og andre fagpersonar
  • bidra til aktiv saksstyring og effektiv framdrift i sakene
  • jobbe på tvers av alle domstolane sine fagområde

Arbeidsoppgåvene vil kunne variere og endre seg i takt med verksemda sine behov.


Kven er du?

Vi ser etter deg som

  • har utdanning på bachelornivå (gjerne administrasjon, samfunnsfag eller juss)
  • lang erfaring frå relevante fagfelt kan kompensere for utdanningskravet
  • har erfaring frå saksbehandling eller liknande arbeid
  • har interesse for teknologi og digitale arbeidsprosessar
  • er trygg i digitale system og verktøy
  • kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast hos oss om du

  • jobbar strukturert og sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og tillitsvekkande
  • samarbeider godt og bidreg til positivt arbeidsmiljø
  • er presis, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
  • trivst i eit høgt tempo med mange parallelle oppgåver
  • likar digital utvikling

Vi tilbyr

I Hordaland tingrett får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – og ei rekkje gode vilkår

  • moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
  • eit sterkt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • lokal og nasjonal kompetanseutvikling
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida
  • lønn som førstekonsulent/rådgjevar etter Hovudtariffavtalen, avhengig av kompetanse
  • gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønna som førstekonsulent/rådgjevar (stillingskodar hhv. 1408/1434) etter Hovudtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.


Mangfald i Noregs domstolar

Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar og erfaringar velkomne. Kandidatar med fleirkulturell bakgrunn, hol i CV eller funksjonsnedsetjing blir oppmoda til å søkje. Vi legg til rette ved behov og følgjer prinsippa for positiv særbehandling.

Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på dfø sine nettsider.

Kontaktpersoner for stillingen

Heidi Taranger

seksjonsleiar

+47 55 69 98 00

Heidi Kildedal

seksjonsleiar

+47 55 69 98 27

Om bedriften

Hordaland tingrett er ein stor og moderne domstol med om lag 86 årsverk, inkludert 32 dommarar, 8 dommarfullmektigar og 45 saksbehandlarar.

Vi har ansvar for kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden.

Som ein del av den tredje statsmakta arbeider vi kvar dag for tillit, rettstryggleik og gode avgjerder for alle som kjem til oss.

Personopplysningar blir behandla i tråd med lovverket. Søknader blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved søknadsfristen – hugs difor å leggje ved all relevant dokumentasjon. 

Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

49f90d03-d0c7-4f07-af91-fea41a65f4d9

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10286973

Lignende annonser

Laster lignende annonser