Rigmor treng elektro- og automasjonsingeniørar!
SMART AUTOMATION AS
Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
PROSJEKTINGENIØR
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Arbeidsoppgåver
-
Dialog med kunde
-
Utarbeide teikningsunderlag og dokumentasjon for produksjonsavdeling og kunde
-
Konfigurasjon og programmering av våre system
-
Oppfølging av serviceteam ved oppstart
-
Noko reising ved behov
Kvalifikasjonane me ønskjer du har
-
Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon, data, elektro eller el-kraft
-
Alternativt elektro- eller automasjonsfagbrev og har relevent erfaring frå leveransar til skip
-
Gode evner til å snakka med og lytta til kunden - og forstå behov og ønskjer
Me kan tilby deg
-
Ein varm velkomst og god ombordstiging!
-
Interessante og utfordrande oppgåver der din innsats spelar ein viktig rolle
-
Å få vera med å jobba med berekraftige løysingar for framtida
-
Eit triveleg og humørfylt arbeidsmiljø
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
-
Lønn etter avtale
Om bedriften
SMART Automation leverer avanserte automasjonsløysingar for styring og overvaking av heile fartøyet. Her fokuserer me på å finna den rette løysinga for kvar enkelt kunde, anten det er nybygg eller ombygging av eldre fartøy.
Våre ordrebøker får stadig påfyll og me skal levera svært mange, store prosjekt dei neste åra. Difor vil me gjerne ønskja velkommen nye, dyktige medarbeidarar til teamet vårt. Me skal skapa dei beste løysingane og leveransane til kundane våre!
Me utviklar alt frå programvare til maskinvare, med optimal integrering som gir kundane våre dei løysingane som fungerer best, med det utstyret dei ynskjer for sine fartøysprosjekt.
Du vil få god mottaking om du ynskjer å jobba her hos oss, med ivrige kollegaer som vil deg vel. Me hjelper medan du lærer våre system og produkt å kjenna. Du kan gleda deg til ein interessant og givande kvardag med nye utfordringar og fokus på miljøvennlege løysingar kundane treng!
Me har det kjekt på jobb! Med ei fin blanding av erfarne, dyktige folk som har vore her i mange år, har vore med og utvikla produkta våre og kjenner dei inn og ut, og unge, dyktige som kjem inn med stor entusiasme og pågangsmot! Her ligg det kontinuitet som skaper tryggheit for dei nye og inspirasjon for dei som har vore ei stund.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
49dfc8d4-ae09-4f83-9ce8-9a5b574ed4fe
- Hentet fra
FINN
- Referanse
408577429