Reinhaldar/Reinhaldsoperatør
Operasjon SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar/ Reinhaldsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi lyser no ut ei fast 100 % stilling som Reinhaldar/ Reinhaldsoperatør ved operasjon SNR Hjelset.
I den samanheng søkjer vi etter ein engasjert medarbeidar som vil vere med i teamet vårt.
Operasjon SNR er ein eigen seksjon ved sjukehuset. Seksjonen er "hjartet" i den kirurgiske verksemda. Vi tek hand om pasientar umiddelbart før, under og etter operasjon. Hit kjem pasientar med ulike sjukdomar og skadar som krev operative/kirurgiske inngrep.
Målet for kvardagen vår er å yte omsorg og vere fagleg sterk. Vi arbeidar aktivt for å ha eit fagleg dyktig og oppdatert personale. I tillegg ønskjer vi å vere ein synleg og moderne seksjon som arbeidar i samsvar med lover og reglar som gjeld for helsevesenet i Noreg. Vi er opptatt av å vere der for pasienten, og at dei får full merksemd under opphaldet i seksjonen. Vårt mål er at pasienten skal ha eit trygt opphald og oppnå best mogleg resultat av operasjonen.
Operasjon SNR Hjelset er ein aktiv seksjon der fleire yrkesgrupper arbeidar tett saman i det daglege, til det beste for pasientane våre. Vi er ein stor og spennande seksjon med 10 operasjonsstover i døgnkontinuerleg drift.
Reinhaldsgruppa i seksjonen tel rundt 12 personar, og ein stor del av gruppa arbeider i tre-delt turnus. Stillinga følger dei til ei kvar tid gjeldande arbeidstidsordningane.Høyrest dette spennande ut for deg? Då er det kanskje nettopp deg vi er på jakt etter! Hvis du er den rette for oss, kan vi tilby full opplæring og ein variert jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Ved intern rokkering kan det bli ledig vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald
- Klargjering av operasjonsstover og operasjonsbord, inkludert alt utstyr
- Reinhald og vedlikehald av anestesiutstyr
- Vask av mopp og klutar
- Vedlikehald av golv og hovudreinhald
- Handtering av lager og påfyll i skap
- I tillegg har vi mange hjelpe- og serviceoppgåver som er pasientrelaterte, der vi jobbar tverrfagleg
- Avfallshandtering
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer fortrinnsvis ein reinhaldar med relevant erfaring eller fagbrev
- Søkjar må kunne beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg, då ein arbeider tett i tverrfaglege team og i mange akutte situasjonar der klar og tydeleg kommunikasjon er viktig
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som trivst med travle dagar
- Du har mykje entusiasme og pågangsmot
- Du er ein positiv medarbeidar med gode evner til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du er systematisk og strukturert
- Vi søkjer deg som har evne til å skape og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Camilla Gagnat Tornes, Seksjonsleiar, +47 93647513, Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020123787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
49d13023-5fe3-4ff6-95b3-99767e3e0ece
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63784ca32e1847efb47787fb9a00a008