Helsefagarbeidar (80 % fast)
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar (80 % fast)
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Vil du vera ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjera ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Bømlo bu- og helsesenter har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar ved Post 1 Nord.
Post 1 Nord er ei avdeling med 34 langtidsplasser. Her har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3.helg. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver
- Dokumentere i henhold til lov og forskrift
- Opplæring og veiledning av nye tilsette og lærlingar
- I saman med avdelinga sitt øvrige personale vere med å utvikle eit godt arbeidsmiljø
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og engasjert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er fleksibel og innehar evne til omstilling
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysningar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingssjukepleiar Leif Christian M. Andersen.
Kontaktinformasjon
Leif Christian Mæland Andersen, Avdelingssjukepleiar, 90893242, leif.christian.andersen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4737429345
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2499753
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd19604140d74f58b9044584aceedbba