Helsefagarbeidar / Hjelpepleiar, 80% stilling
Slag/generell indremedisinsk sengepost Stord, Helse Fonna HF
stord, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar / Hjelpepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Slag/generell indremedisin (Med3), er ei avdeling med 8 sengeplassar. Vi jobbar kontinuerleg med å halda oppe ein høg fagleg standard og har pasienten i sentrum. Ved Med3 jobbar her hjelpepleiar og sjukepleiarar. I tillegg har vi helsefagarbeiderlærling og sjukepleiarstudentar. Vi jobbar tett med legegruppa, fysioterapeut og ergoterapeut. I tillegg til slagpasientar, har vi pasientar med andre medisinske diagnosar som bla. infeksjonar, covid/influensa, kols, kreft, terminal pleie, hjartesvikt. Det er derfor alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande. Vi har eit flott arbeidsmiljø med trygg og open kommunikasjon og kultur for å hjelpe kvarandre. Vi deler etasjen med Spesialisert rehabiliteringsavdeling og deler ansvar for å halde orden i avdelinga med dei, samt at vi hjelper kvarandre ved behov. Oppstart etter avtale.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjæv særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo
Arbeidsoppgåver
- I samarbeid med pasient og evt. pårørande identifisere evt. sjukepleieproblem og rapportere dette til ansvarleg sjukepleiar
- Bidra til å gjennomføre nødvendige tiltak i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Dokumentere informasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Bidra til at pasientar mottar nødvendig omsorg og pleie
- Bidra til at pasientar mottar tilstrekkeleg informasjon og opplæring
- Bidra til god logistikk og pasientforløp
- Ansvar for generelt postarbeid
- Oppfølging av lærlingar
- Bidra til kompetanseutvikling, fagutvikling og forsking i einiga
- Bidra til måloppnåing i forhold til kvalitetsparamtetre/indikatorar og handlingsplan
- Ansvar ihht. helsepersonelllova
- Deltaking på kurs for opplæring og oppdatering innan obligatoriske områder som f.eks. brann, MTU opplæring mm.
Kvalifikasjonar
- Du har Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Du ha gode IKT-kunnskapar
- Du har gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
- Erfaring frå arbeid med slagpasientar vektleggast
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig
- Du har høg arbeidsmoral
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, stor bredde på medisinske problemstillingar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar - gastro/slag generell sengepost, 53491110, trude.digernes@helse-fonna.noArbeidsstad
stord5416
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4634769271
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 28.03.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281038
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00ac1bbd47f046b6955e311715c3fa19