Sjukepleiar, vikariat i heimebasert omsorg
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Valderøya, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, vikariat ved Valderøy omsorgsdistrikt heimebasert omsorg
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. september
Vi har ledig eit vikariat i 80 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg. Stillinga er ledig frå 13.09.2025 - 31.08.2027.
Stillinga inngår for tida i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg, men frå januar 2026 vil turnus bli endra til langvakter kvar 4. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Lista over arbeidsoppgåver er ikkje uttømande og det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5005439982
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 03.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Iren Hovlid
avdelingsleiar heimebasert omsorg
41702314
Elin Karin Hopland
nestleiar
41702318
Janita Engeset Ellingseter
einingsleiar
+47 92620535
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
499d5b0d-d606-4197-ba14-cd26870e37eb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c14943ecfe9c43beb39e296ac637d504