Sjukepleiar i heimesjukepleien, open omsorg Indre
Open omsorg indre, Bremanger kommune
Granden 1, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimesjukepleien i Open omsorg Indre
Oppstart
1. august 2022
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefaglege oppgåver hjå pasientane
- stor bredde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov
- heilskapleg omsorg for eldre mennesker
- vareta pasientane sine individuelle behov
- moglegheit å delta i ressursgruppe
- dokumentering, rettleiing, undervisning m.m.
- Kvardagsrehabilitering
- kartlegging av tenestebehovet
Bremanger Kommune er med i Legevaktspilotprosjektet med SYS-IKL. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter er ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien og kan bli med i piloten.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar.
Du må:
- ivareta pasientane sine individuelle behov
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gjerne ha erfaring innan akuttmedisin
- like å arbeide i team
- vere innstilt på endringar
- legge fram politiattest av nyare dato
- ha førarkort for personbil klasse B
- beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
- Dersom du har ansiennitet under 10 år, vil du få løn over tariff som rekrutteringstiltak
Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune er samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik –samt gode velferdstekniske løysingar.
Vi arbeider i årsturnus og dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!
Kontaktinformasjon
Linda Førde, Driftssjef Open omsorg indre, 48242382Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4505086085
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2022
Søknadsfrist: 28.01.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1967477
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94938b9915ab44f5b6c900d76206ed00