Skap magiske barndomsøyeblikk i Volda - Barne- og ungdomsarbeider/Assistent
Rotset Barnehage Sa
Bømarka 1, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vi søker etter ein person som kan jobbe sjølvstendig, ansvarsbevisst og vere ein god lagspelar i barnehagen vår. Som fagarbeidar/assistent samarbeidar du tett med pedagogisk leiar og barnehagelærar på basen, samt øvrige tilsette og føresette.
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
Oppstart
22. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi søker deg som er ein tilstedeverande, aktiv, varm og tydeleg person som har stort engasjement for barn. Personlege eigenskapar:- Du er strukturert, systematisk og målretta i ditt arbeid
- Ansvarsbevisst
- Du er omsorgsfull og leikande
- Trygg og tydeleg
- Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgaver
Vidare så krev stillinga at du:Saman med det øvrige personalet skal bidra til at barnehagen er eit godt pedagogisk tilbud i tråd med Rammeplanen og barnehagens formål.Du skal medverke til eit godt foreldresamarbeid og planlegge og gjennomføre pedagogisk aktivitetar i tråd med barnehagens planar.
Kvalifikasjonar:- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar er ønskeleg.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Personlege eigenskapar vektleggast
- Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg
- Gyldig politiattest
Vi tilbyr
- Ei stabil personalgruppe prega av humor og omsorg for kvarandre
- Ein variert og inspirerande arbeidsdag, der barna er i fokus
- Eit godt arbeidsmiljø, der vi lærer og utviklar oss saman
- Lønn etter PBL tariff
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rotset barnehage er ein privat barnehage og er organisert som eit samvirkeføretak, og har som føremål å eige og drive barnehage i Volda til beste for medlemmane og barna deira. Barnehagen ligg på Rotset ovanfor Volda sentrum, skjerma for trafikk og trafikkstøy. Vi er så heldige at vi ligg i eit flott naturområde med kort veg til skog, fjell og vatn. Rotset barnehage er ein avdelingsfri barnehage med omlag 50 barn i alderen 1-6 år fordelt på 3 basar.
Rotset barnehage er bygd med tanke på å skape og legge til rette for eit spanande og utviklande leikemiljø for barna. Eit miljø som gjev glede, tryggleik, læring, vennskap og fysisk aktivitet. Vi byggjer verksemda vår på verdiar som tryggleik, positivitet, respekt og fleksibilitet. Gode relasjonar og det å skape eit godt psykososialt barnehagemiljø er i høgsetet hjå oss.
Rotset barnehage driv med vid praktisering av den kristne føremålsparagrafen.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2853160
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
49867703-21d9-43b2-b91b-fb5cea91f377