Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde

Sted

Steinavegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 13. oktober

Vil du vere med å gjere ein forskjell?


Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.


Arbeidsoppgåver

  • rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartar om rørslehjelpemiddel
  • formidle rørslehjelpemiddel
  • gi råd, greie ut og formidle hjelpemidlar i bustad, hovudsakleg fastmontert utstyr
  • halde kurs for brukarar og samarbeidspartar
  • samarbeide tverrfagleg og tverretatleg
  • reise ut på synfaring og utprøving
  • hente inn pristilbod, registrering og dokumentasjon
  • delta i nasjonale arbeidsgrupper og utviklingsarbeid
  • planlegge og arrangere aktivitetsdagar- sommar og vinter


    Vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og ansvarsforhold.

Kvalifikasjonar

  • bachelor i fysioterapi eller ergoterapi
  • førerkort klasse B
  • god digital kompetanse
  • skrive og snakke godt norsk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig. Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane.
Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert. Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.

Vi tilbyr

  • meiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • triveleg miljø og kjekke kollegaer
  • fleksitidsordning
  • lønn som rådgjevar, kr 639 000,- - 680 000,-
  • pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse( 2% av bruttolønna vert trekt)
  • for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre lønn vurderast

Kontaktinformasjon

Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828
Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287

Arbeidssted

Steinavegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5187296210
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 13.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Frode Hovland

Avdelingsdirektør

48108828

Inger Jorun Årseth

Avdelingsleiar

95235287

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

497ad6b1-f8c0-41cb-8bc2-eaada9c002ab

Sist endret

29. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6fc74e40dbd94d0cbac9938085a4240e

Lignende annonser

Laster lignende annonser