Klinisk ernæringsfysiolog
Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Klinisk ernæringsfysiolog
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. mars
Seksjon for klinisk ernæring ved Haukeland universitetssjukehus har ledig to sommarvikariat som klinisk ernæringsfysiolog frå 01.07.-31.07.26.
God ernæring er ein føresetnad for god helse, og ernæring har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekkje sjukdommar. Seksjon for klinisk ernæring har særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring, som del av den overordna ernæringsstrategien til Helse Bergen.
Kliniske ernæringsfysiologar gir kostrettleiing og ernæringsbehandling ved fleire sjukdomar og tilstandar. Seksjon for klinisk ernæring er ei internteneste som tek imot tilvisingar frå kliniske avdelingar og poliklinikkar ved sjukehuset. Vi driv i tillegg med undervising for helsepersonell, studentar, pasientar og pårørande.
Som sommarvikar får du anledning til å jobba sjølvstendig som klinisk ernæringsfysiolog og ivareta oppgåvene i seksjonen. Vikariata er i hovudsak knytt til arbeidsoppgåver ved vaksen seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Ernæringsbehandling av inneliggande pasientar
- Poliklinisk oppfølging av pasientar, særleg telefonoppfølging
- Oppstart og oppfølging av sonde- og intravenøsernæring
- Plan for opptrapping av ernæring for pasientar i risiko for reernæring
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper i sjukehuset
- Undervising for pasientar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Du lærer raskt, er omstillingsvillig og handterer det uforutsette
- Du har eit sterkt fagleg engasjement
- Du er sjølvstendig, strukturert og har høg arbeidskapasitet
- Du kan vise til gode samarbeidseigenskapar
- Du møter alle med respekt, kommuniserer tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Strukturert opplæring
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5096711519
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.07.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 30.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Linn Anja Slåke Vikøren
Seksjonsleiar
98298303
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
496f8b19-7ce3-4f39-bff3-f472a78748b5
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
021a3a53a7e0435783aa501eee1e9f07