Rådgivar rekneskap
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar rekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Vi ønskjer oss ein ny kollega!
Hos Helse Vest RHF får du moglegheit til å vere ein del av noko meiningsfullt og spennande. Vi ønskjer at du skal ha ein karriere der du kan vekse, lære og bidra til å styrkje sjukehusa på Vestlandet.
Du skal jobbe med oss på Lønns- og rekneskapsenteret (LRS), ein allsidig gjeng som består av folk i ulike aldrar, og med ulike bakgrunnar. Lønns- og rekneskapssenteret (LRS) hos Helse Vest RHF har ansvar for lønn og regnskap for Helse Vest RHF, Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest HF.
Personen vi ser etter har erfaring og ønske om å jobbe med rekneskap, og eit breitt spekter av andre arbeidsoppgåver. Helst er du nøyaktig og strukturert, fleksibel og kan tilpasse deg ulike miljø, og så er du innovativ og analytisk.
Her kan du sjå ein video om korleis det er å jobbe i Helse Vest RHF, og lese litt om nokon av medarbeidarane våre.
Arbeidsoppgåver
- rekneskap og rapportering
- periodisering og avstemming
- ad-hoc oppgåver og prosjekt
- utvikle og følgje opp prosessar, system og masterdata for rekneskapsområdet
- vere bidragsytar når vi vidareutviklar rekneskapssystema
Kvalifikasjonar
- mastergrad innanfor økonomi
- erfaring frå rekneskapsarbeid
- gode datakunnskapar, spesielt Excel, og interesse for bruk og vidareutvikling av ERP-løysingar
- erfaring med SAP S4/Hana
Personlege eigenskapar
- innovativ og analytisk
- nøyaktig og strukturert
- sjølvstendig og ansvarsmedviten
- bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver: Du vil få utfordrande oppgåver som held deg engasjerte og gir deg ei kjensle av meining.
- Fagleg utvikling: Her får du jobbe saman med kunnskapsrike kollegaer som deler erfaringar.
- Positivt arbeidsmiljø: Vi ønskjer å ha eit inkluderande arbeidsmiljø, der du kan vere deg sjølv.
- Fleksibel arbeidstid: Med moglegheit for å leggje til rette for heimekontor.
- Lønn etter avtale: Vi tilbyr lønn som matchar erfaringa di.
- Pensjonsforsikring i KLP: Økonomisk tryggleik og moglegheit for lån.
- Gode velferdsordningar: Bedriftsidrettslag, «HjemJobbHjem» -ordning, moglegheit for dusj og låst sykkelgarasje.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristian Bernhoff Frafjord, Leiar løn- og rekneskapssenteret, 924 86 548Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 5006868679
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristian Bernhoff Frafjord
Leiar løn- og rekneskapssenteret
924 86 548
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
496e1db7-7213-4302-bf01-2383d2029023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
64b0ab581a4e4ab099612d3cd307c8c5