Sjukepleiar
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Vanylven Helse og Omsorgssenter har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Avdelinga har totalt 18 langtidsplassar fordelt på to grupper.
Som sjukepleiar på avdeling jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet er for tiden tre delt turnus med vakter på dag,kveld og natt, arbeid kvar tredje helg. Ein kan eventuelt gå komprimert turnus med langvakter, arbeid kvar fjerde helg.
Vi har årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Sørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma.
- Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
- Sikre gode pasientforløp
- Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Godkjent politiattest
- God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
- Effektiv fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønns og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
- Moglegheit for tilrettelagt turnus
- Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5056606952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Katrin Brekke Sunde
avdelingsleiar avd. 2
+47 70030221
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
496029c4-86ca-43ff-86fb-8f74a5524061
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e06a2f61f734f3abce45d3dabadc1a2
Lignende annonser
Assistent
Arbeidsgiver
Helse og omsorgssenter, Vanylven kommune
Sted
Fiskå
Volda Omsorgssenter, Selje/Hasletunet har 100 % fast st. for vernepleiar
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda
Vil du bidra som ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Sted
Volda