Bli vår nye audiograf!
Øre-nese-hals avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Audiograf
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Er du klar for ein spennande jobb innan høyrselsomsorga? Då er det akkurat deg vi leitar etter til ØNH-poliklinikken vår!
Her får du vere ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø, både på jobb og utanfor. Vi jobbar tverrfagleg i eit team der alle yrkesgrupper er viktige – ingen klarer seg utan kvarandre. Hos oss finn du rause, dyktige og hyggjelege kollegaer som gjer kvarandre gode.
Høyresentralen vår er topp moderne, med siste teknologi og medisinsk teknisk utstyr. Her vil du bli ein del av eit erfarent team på fire audiografar som utfører audiologisk utgreiing og rehabilitering for både barn og vaksne.
Vi gjer det enklare for deg å starte hos oss! Vi hjelper til med flyttekostnader (inntil 20.000,-) og kan dekkje husleige dei tre første månadene (inntil 30.000,-).
Høyrest dette spennande ut? Søk no – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Audiometri/spesialprøvar
- Tilpassing av høyreapparat og tekniske hjelpemidler
- Høreapparatkontrollar og service
- Tinnitusutredning
- Nyfødtscreening
- Generell hørselsomsorg
- Bistå ØNH-spesialist
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som audiograf
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Audiografstudentar oppfordras til å søkje på stillinga
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- pasientorientert.
- sjølvstendig og ansvarsbevisst
- fleksibel og tilpasningsdyktig
- god på å samarbeida og kommuniksera
- glad i å bidra til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tverrfagleg team
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Aina Merethe Vikshåland, Konst. avdelingsleiar, aina.merethe.vikshaland@helse-fonna.noÅshild Eide, Audiograf, ashild.eide@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4889994069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2802249
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e840b397eab94f8084a40eca7b84b808