Brenn du for å gjere ein forskjell for dei barna som treng det mest?
Ål kommune Nedre-Ål skule
Sundrevegen 43-45, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Vi søkjer fleire dyktige medarbeidarar til Nedre-Ål Skule!
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Nedre-Ål skule har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg. Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar.
Vi har no ledig:Inntil 400% mellombels stilling d.d.-31.07.25 som fagarbeidar:
- 1 medarbeidar til mellomtrinnet som kan følge opp helseutfordringar som t.d. diabetes og epilepsi. Opplæring vil bli gitt i denne stillinga. Den tilsette vil vera ein del av personalgruppa på trinnet og i klassane.
- 1 medarbeidar til småtrinnet, 1.-4. trinn, der den tilsette skal følge opp enkeltelev som treng ekstra støtte i skulekvardagen. Opplæring vil bli gitt i denne stillinga. Den tilsette vil vera ein del av personalgruppa på trinnet og i klassane.
- Vi treng fleire medarbeidarar i team rundt barn med autisme. Vi treng medarbeidarar som har kompetanse og erfaring med barn med autisme. Stillingsstorleik kan drøftast.
Inntil 100% mellombels stilling d.d.-31.07.25 som lærar:
Inntil 100% mellombels stilling d.d.-31.12.24 som lærar:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Fagarbeidar:
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar, eller tilsvarande kompetanse/erfaring
- ynskjeleg med kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge med autisme
Lærar:
- godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3 (før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor)
- ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar:
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer at du:
- har godt lag med barn og ungdom
- er tydeleg og omsorgsfull
- kan arbeide sjølvstendig og målretta
- kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
- har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
- er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
- har godt humør og pågangsmot
- ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- veiledning
- engasjerte vaksne og barn
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2728735
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3395427_221513_nn