Heimetenesta Straume
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 21. juni
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar!
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeidar i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjonevner og samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkar akkurat deg som er:
Omsorgsfull – Raus – Engasjert - Lojal
og har:
Humor – Livsglede - Mot
Kva får du hos oss?
Som vår nye kollega vil du kunne få 75 til 100% fast stilling i årsturnus med 16 arbeidshelgar (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollegaer, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hjå oss vil du og ha gode pensjons– og forsikringsordningar. Du har også høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kven er så du?
Du har utdanning som helsefagarbeidar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Dersom du kjenner deg att i dette , bli med oss på laget!
Kontakt:
Assisterande einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2949819
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3506427_194035_nn