Hopp til innhold

Fagansvarlig bioingeniør, kvalitet

Arbeidsgiver

Laboratoriet Odda sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarlig bioingeniør, kvalitet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du jobbe med kvalitet og fag – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Som fagansvarleg bioingeniør (kvalitet) ved Laboratoriet Odda får du ei sjølvstendig rolle i kvalitetsarbeidet, tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. 

Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt.

Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20.000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60.000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld - sjekk her.

👉Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. 

Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser


Kva går jobben ut på?

Du får ansvar for laboratoriet sitt kvalitetssystem (delegert frå funksjonsleiar), og blir ein pådrivar for å gjere ting endå betre – både i system og i praksis. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:

  • identifisere forbetringsområde og følgje dei opp på ein løysingsorientert måte
  • gi råd og rettleiing til fagansvarlege, funksjonsleiar og lege i kvalitetsspørsmål
  • handtere avvik og følge opp kvalitetsindikatorar
  • følge opp interne kvalitetskontrollar og analysevariasjon
  • delta i kvalitetsnettverk i Helse Fonna og interne fagmøte
  • bidra med endringsprotokollar og risikovurderingar
  • delta i rutinedrift og vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som trivst med ansvar og får ting til å skje – på ein måte som skapar tryggleik for både kollegaer og pasientbehandling.

Hos oss er det viktig at du:

  • jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
  • tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus

Sletting av studiegjeld: Du kan ha rett på sletting av utdanningsgjeld dersom du bur i ein kommune som er omfatta av ordninga. Les meir her!

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5071626931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Randi Djønne

Funksjonsleiar

+47 53651123

randi.djonne@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

48c083d8-0ccc-432c-bf50-a327c465bcba

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c2d44bc765784b739258eafbf35e7dc9

Lignende annonser