Undervisningsinspektør ved Dysjaland skule
Sola kommune
Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsinspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Dysjaland skule har ledig 100 % fast stilling som undervisningsinspektør med oppstart i stillinga 1.august 2025. Vi søkjer ein motivert og entusiastisk skuleleiar til å leia og utvikle ein veldriven skulekultur.
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune. Skulen ligg i eit roleg og landleg område. Vi har eit funksjonelt og nytt uteområde med flotte idrettsanlegg som stor idrettshall, symjehall, kunstgrasbane og ballbinge i tilknytt til skulen. Det er òg mange flotte turområde i nærleiken av skulen.
Skuleåret 2025/26 har skulen eit elevtal på omlag 420 elevar. I det vaksne miljøet er det omlag 60 tilsette, inkludert avdelingsleiar på SFO og assistentar. På skulen sin SFO deltek omlag 90 born. Skulen har nynorsk som offisiell språkform, men vi har bokmålsklassar på dei fleste trinna. Administrasjonen vår består av rektor, 3 inspektørar og saksbehandlar.
Visjonen vår, Klok og Glad, representerer skulekulturen vår med fokus på kompetanse, sosioemosjonell meistring og skulemiljø.
Skulen sine satsingsområder er trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring og utvikling av inkluderende læringsmiljø. I begynnaropplæringa driv skulen med utviklingsarbeid i leikbasert læring. I det profesjonsfaglege læringsfellesskapet arbeider vi med å utvikle ein praksis som skal vere meir praktisk og variert.
Skulen satsar på lesing i opplæringa frå 1. - 10. trinn, og her er skulebiblioteket eit viktig moment for elevar og tilsette.
Intervju vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Undervisningsinspektøren vil inngå i leiargruppa på skulen.
- Den nytilsette inspektøren vil få ansvar for elevar, tilsette og foreldre på nokre trinn. Organiseringa vil kunne endrast etter samtale med den nytilsette.
- Ein viktig del av arbeidet vil vera oppfølging av den faglege og sosiale læringa hos elevane.
- Stillinga har oppgåver knytta til sosialpedagogisk ansvar, koordineringa av individuelt tilpassa opplæring og arbeid med forsterka norsk opplæring.
- Observere, tilretteleggje og gripe inn for eit trygt og godt læringsmiljø for elevane
- Planlegging og utføring av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Nokre undervisningsoppgåver kan leggjast til stillinga
Kvalifikasjonar
- Du må ha godkjent lærarutdanning og erfaring frå undervisning i grunnskulen.
- Det er ønskjeleg med relevant leiarerfaring.
- Du har gode norskkunnskapar munnleg og skrftleg
- Sola kommune ønskjer at alle skuleleiare har formell kompetanse i skuleleing på minst 30 studiepoeng. Om du ikkje har denne kompetansen, kan det gjerast avtale om denne vidareutdanninga.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir). Sjå godkjenning av utdanning fra utlandet: https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein undervisningsinspektør som har stort engasjement for skule, barn og unge.
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter.
- Du vil vera med å utvikle skulen. Du har stor arbeidskapasitet og er strukturert i ditt arbeid.
- Du er opptatt av dei tilsette og elevers trivsel, meistring og læring.
- Godt humør og uhøytideleg framferd er ein sjølvfølge på Dysjaland skule.
- Personleg eigna blir vektalgt.
Vi tilbyr
- Velferdsordningar
- Medlemskap er per tiden i SPK
- Løn etter Sola kommune sin lokal lønnspolitikk
Tilsetting skjer på dei vilkårane og pliktene som framgår av utlysinga og dei lovene, reglementane og tariffavtalane som til eikvar tid gjeld.
Kontaktinformasjon
Atle Tanum, Rektor, +47 48892622Arbeidssted
Tjeltavegen 14054 Tjelta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sola kommuneReferansenr.: 4959502557
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Atle Tanum
Rektor
+47 48892622
Om bedriften
Sola kommune er en mellomstor kommune med 29 000 innbyggere og rundt 2 000 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For stillinger som arbeider med barn og for ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930771
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4eb96d304ddf4091becd2228c7e5f7d1