Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Sted

Austrevegen 15, 6296 Harøy

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna permisjonar ledig 100% vikariat i stilling som helsefagarbeidar. Stillinga kan bli fast. Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskapet. Bufellessskapet har 10 plassar for menneske med demenssjukdom, kognitiv svikt. Helsefagarbeidar stillinga er pt. innplassert i tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg.
Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.
Bufellesskapet er samlokalisert med med dagaktivitetssenter, heimetenester og sjukeheim og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya. 
Helsefagarbeidarstillingane er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen.  Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at bebuar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
  • Legemiddelhandtering.
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer fagarbeidar med interesse for teamarbeid, som evnar å være med i ulike endringsprosessar.
  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift
  • Gratis parkering for bil

Kontaktinformasjon

Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, renate.finnoy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Austrevegen 15
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5095183579
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Renate Finnøy

Verksemdsleiar Sandøy

renate.finnoy@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4881c545-2964-4654-b758-8b5bdae0a10e

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

83c879a2c32a48aab257c56558bbfa72

Lignende annonser

Laster lignende annonser