Hopp til innhold

Ledige assistentstillingar i BPA

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Helse og omsorg

Sted

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. februar

Vi har ledige faste assistentstillingar frå 14 til 17 %, med moglegheit for meir gjennom årsturnus. Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske og har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad.

Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag.

Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Lurer du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
  • Bistand i daglege gjeremål for brukar

Kvalifikasjonar

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg
  • Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på å kommunisere og bygge relasjonar
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • Fleksibel
  • Tydeleg

Vi tilbyr

  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Bente S. Sæterdalen Solheim - Leiar tenestekontoret

+47 95222316 +47 57738126

bente.solheim@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4852b504-96d4-44cd-8c1b-0bb675c8d0dc

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3581989_142011_nn

Lignende annonser